Departementet har tidlegare sagt nei til dette fordi Jernbaneverket ikkje skal konkurrere med andre transportørar av gods.
Kan føre til nedlegging
For Vatnahalsen Høgfjellshotell kan det bety ei nedlegging av drifta – mellom anna fordi dei ikkje får frakte vekk kloakken. Direktør Kjell Arne Aksnes seier at dei ikkje har anna løysing enn å nytte Flåmsbana.
– Det einaste alternativet er å la kloakken renne ut over området der oppe. Vi er heilt avhengige av å få tømt septiktankane og kvitta oss med bosset, seier Aksnes.
Hotellet driv med eit hytteprosjekt der dei skulle hatt opp nokre maskinar.
– Dei får vi heller ikkje frakta, så det ser litt mørkt ut nett no, seier hotelldirektøren.
Ny vurdering
Samferdsledepartementet sitt nei til at det kan fraktast bilar og utstyr til dei veglause områda frå Finse til Vatnahalsen har skapt mange sterke reaksjonar i Aurland. No lovar departementet å sjå på saka på nytt, opplyser informasjonssjef Ivar Torvik i samferdsledepartementet.