Dette gler styreleiar Jan Helgøy i Stad Skipstunnel AS. Til no har kunnskapsløysa til politikarane vore vår verste motstandar, seier han.
Viktig formulering
Då regeringspartia og Framstegspartiet inngjekk eit budsjettforlik, var ei viktig formulering med. Her blir regjeringa pålagd å kvalitetssikra alle planar som er lagde rundt Stad skipstunnel. Det høyrer kanskje ut som ein formalitet, men kan fort vise seg å bli svært viktig. For det har ikkje vore enkelt å overbevisa det politiske miljøet i Oslo om at det faktisk er ganske enkelt å byggje ein 1,8 kilometer lang tunnel gjennom Manseidet, der båtane kan passere trygt når stormane rasar som verst på Stad.
Aarøen nøgd
Stortingsrepresentant Magne Aarøen frå KrF seier dette betyr at regjeringa no får eit godt grunnlag å ta avgjerd på når dei på ny skal vurdera tunnelen i samband med statsbudsjettet for 2004.
Får skulda for det meste.
Opseths vegtunnel
I si jakt på dei over 800 millionane tunnelen vil kosta, har Jan Helgøy forstått at det ikkje er enkelt å få ein poltikar til å forstå at bølgjene på Stad kan bli 30 meter høge. Han har til og med opplevd ein statsekretær som trudde at dette var ein av Kjell Opseth sine vegtunnelar.