Hopp til innhold

Ny von for reiselivsmuseet

Dersom fylkestinget til våren gjev garantiar for 25 millionar kroner til reiselivsmuseet i Balestrand, kan bygginga starte alt til hausten.

Kviknes hotell i Balestrand.
Foto: NRK

Kulturdepartementet skriv i eit brev til museet at det ikkje er aktuelt med statleg løyving før etter 2007.

Ordførar i Balestrand, Erland Fagermoen, tolkar dette som at staten vil løyve pengar. Han set no si lit til at fylkespolitikarane garanterer for denne summen.

- Det er på tide vi startar bygginga. Sjølv om brevet ikkje er tilsagn om pengar, så verkar det som om det kjem pengar i 2007, meiner Fagermoen.

Det nasjonale reiselivsmuseet i Balestrand er kome i ein vanskeleg situasjon fordi fylkeskommunen prioriterte det bak opera på Nordfjordeid og kunstmuseum i Førde. Museet i Balestrand skal lokaliserast saman med Kviknes hotell og byggjeplanane er komne så langt at det blir for lenge å vente på 25 millionar kroner i statleg støtte etter 2007.

- Har pengar

Men Fagermoen meiner brevet er eit signal om at staten vil delta, og no håpar han fylkestinget i vår vil stille garanti for denne summen inntil pengane kjem frå staten.

- Berre vi får garantien, så kan vi starte bygginga. Vi har pengar frå både kommunen og fylkeskommunen til å starte bygginga med.