NRK Meny
Normal

Ny von for Lærdals-laksen

Det skal bli nytt liv i laksestamma i Lærdal.

 

Eit samarbeidsprosjekt mellom Direktoratet for naturforvaltning og lokale aktørar skal syta for at mest mogeleg laks fyller elva innan 2010.

Lærdalselva har ikkje hatt normal gyting på ti år på grunn av lakseparasitten Gyrodactylus Salaris.

Seksjonssjef ved Direktoratet for naturforvaltning, Arne Eggereide, fortel at arbeidet kjem i gang så snart elva er fri for viruset, truleg i løpet av våren.

Vegopning på Bergum i Førde kommune