Hopp til innhold

Ny VM-bronse til Tarjei Bø

Stryningen Tarjei Bø tok bronse på skiskyttarsprinten i VM søndag.

Video To medaljer på jaktstarten

SPENNANDE INNSPURT: Tarjei Bø klarte å slå tyske Arnd Pfeiffer på oppløpet.

Bø gjekk ut som nummer tre, 25 sekund bak tyske Arnd Pfeiffer som gjekk ut først. Han skaut feilfritt på dei to liggande skytingane, men fekk ein bom på kvar av dei to ståande. Dermed måtte han ut i to strafferundar.

– Eg hadde eigentleg bra kontroll på ståande, men skaut nok litt for fort, seier Bø til NRK.

Franske Martin Fourcade tok gullet, føre Emil Hegle Svendsen som tok andreplassen.

Taktisk slutt

Det vart spennande på slutten då Bø gjorde eit taktisk val rett før han gjekk over målstreken. Dermed tok han tredjeplassen føre tyske Pfeiffer som blei rasande på Bø. Han meinte at stryningen sperra for han.

– Det var spennande, men eg hadde bra kontroll. Eg valde spor på oppløpet rett før eg måtte, så det var taktisk av meg. Hadde eg ikkje gjort det, hadde det blitt fjerdeplass. Eg hadde bestemt meg for å slå tyskaren.

Under heile løpet samarbeidde han med Hegle Svendsen.

– Vi hadde planlagd det heile tida. Men etterkvart visste eg at Emil kom til å ta meg, på siste skyting skaut eg fort og dårleg, seier han til NRK.

– Bronse er bra

Han er godt nøgd med endå ein medalje under verdsmeisterskapen, sjølv om han håpa på gull.

– Eg fekk maksimal uttelling. Det var berre sølvet eg kunne ha kapra i dag. Men bronsemedalje er bra, seier han.

Bø har gjort bra så langt i VM i Khanty-Mansijsk i Russland. To bronser på individuelle distansar og gull på den blanda stafetten. Tysdag ventar 20-kilometeren for Tarjei Bø.

Video Bøe og Hegle Svendsen med én bom hver

SISTE SKYTING: Her blir sprinten avgjort.

Video - Taktisk spurtseier på oppløpet

SJÅ INTERVJUET: Tarjei Bø og Emil Hegle Svendsen var i godt humør etter løpet var slutt.