Hopp til innhold

Ny varmerekord i Sogn og Fjordane

Tidlegare i dag melde både meteorologar og media at det ikkje vart noko varmerekord i Sogn og Fjordane i går. No viser det seg at det var feil.

skjermdump yr.no

VARMEREKORD: På yr.no står det at det vart målt 33,4 grader. Dermed er rekorden frå 1933 med 33,3 grader i Fortun ikkje lenger rekord.

Foto: skjermdump yr.no

Laurdag ettermiddag fekk NRK e-postar frå fleire personar med tips om at Lærdal hadde tatt over plassen med høgste målte temperatur.

På yr.no kunne ein nemleg sjå at det kl. 20.00 i går kveld vart målt 33,4 grader i Lærdalsøyri.

Den førre rekorden i Sogn og Fjordane var målt til 33,3 grader i Fortun i Luster.

– Ja, det er riktig at det blei sat ny varmerekord i Sogn og Fjordane, seier vakthavande meteorolog Hanne Beate Skattør ved Meteorologisk institutt.

Laster Twitter-innhold

Dermed har Lærdal den 27. juli 2018 tatt leiinga som plassen med høgste målte temperatur i Sogn og Fjordane. Rekorden er på 33,4 grader.

Lærdal med ny varmerekord for Sogn og Fjordane 27. juli 2018

SOMMARDAG: Årets varmaste dag i Norge blei også den varmaste dagen som er målt i Sogn og Fjordane sidan 1933. Biletet er frå stranda ved Lærdalsfjorden.

Foto: Jan Christian Jerving
Skjermdump
Foto: skjermdump yr.no