NRK Meny
Normal

Ny uvisse for Vest Tank-avfallet

Norsk avfallshandtering (NOAH) vil vita kva som er i posane før dei tek dei med seg.

Alexela i Sløvåg i Gulen.
Foto: Steinar Lote / NRK

Tidlegare i veka bad Statens forureiningstilsyn (SFT) NOAH om å fjerna det forureina avfallet etter Vest Tank-ulukka i Sløvåg.

Vil vita kva som er i sekkane

Tanken var at NOAH skulle ta det med til Langøya i Vestfold, der dei har teke imot farleg avfall sidan 1985.

No er det likevel ikkje sikkert at selskapet vil ta imot sekkane.

– Me vil først vita kva som verkeleg er i dette avfallet, seier administrerande direktør Carl Hartmann i NOAH til avisa Nordhordland.

Folk har framleis helseplager

Alexela Sløvåg har hatt store problem med å verta kvitt avfallet. I juni opplyste dei både til SFT og media at dei hadde avtale om å levera det til ein mottakar i Tyskland.

Det viste seg seinare å ikkje stemma.

- Me ser alvorleg på at bedrifta ikkje har etterlevd pålegget vårt og at dei har gitt oss urette opplysningar, skreiv SFT-direktør Ellen Hambro i ei pressemelding då.

Difor greip SFT inn og bad NOAH Langøya ta imot avfallet.

- Har dårlege erfaringar

Men Hartmann i NOAH er skeptisk. Han viser til dårlege erfaringar med Sløvåg-selskapet:

– Me fekk ein palle med avfall til analyse via eit anna firma tidlegare i vår. Alexela opplyste at avfallet var grusmassar, men analysen viste konsentrasjonar av svovel, seier han til avisa.

Hartmann kjem til Sløvåg på tysdag for å diskutera kontrakten med Håkon Ivarson og Alexela.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.