Ny utforkøyring i Gaular

Politiet melder om endå ei utforkøyring på E39 i Gaular. Denne gongen er det ein bil som har køyrt utfor ved krysset på Storehaug. Det er ikkje meldt om personskade. Politiet fekk melding om uhellet klokka 09.46.