Hopp til innhold

Ny treby i Lærdal vil vere brannsikker

LÆRDALSØYRI (NRK) Lærdal blei råka av den største brannen i Norge i moderne tid. No blir det utvikla ein ny bydel i brannsikkert tremateriale.

Trebyen i Lærdal vil ikkje brenne

BRANNSIKKER STAD: Frå venstre dagleg leiar Aasmund Bunkholt, styreleiar Hallvard Thomassen og ordførar Jan Geir Solheim.

– Dersom dei vel limtre og/eller massivt tre så får dei ein endå betre brannsikker løysing. Bakgrunnen for at limtre og massivt tre er brannsikkert er at det ved ein brann vil oppstå ei forkulling av det yttarste sjiktet i treverket som gjer at brannen delvis sloknar av seg sjølv.

Det seier dagleg leiar Aasmund Bunkholt i Trefokus AS.

Bygger framtidsby

I dag vart det kjent at selskapet Fretland Bygg AS vil bygge ein framtidstettstad med ny treteknologi på Indregrandane i Lærdal sentrum. Blir prosjektet ein realitet, kan arealet gje plass til 300–400 nye husvære og bli det viktigaste bustadområdet i Lærdal dei neste ti åra.

– Dette er også grunnen til at brannvernet er meir komfortabel med trebygningar enn bygningar i andre materialar fordi dei veit korleis tre brenn og fordi dei veit at det er mykje brannmotstand i massivt tre, held Bunkholt fram.

– Korleis vil ein brann utarte seg i slike trebygg i forhold til eit bygg i stål og betong?

– Ved høge temperaturar kan stål smelte og kollapse. Det gjer at ein stor limtrehall er meir brannsikker enn ein stor stålhall, seier Bunkholt.

Ulike tretypar

Styreleiar Hallvard Thomassen i Fretland Bygg AS seier framtidsbyen på Indregrandane truleg vil innehalde fleire typar tre.

–Prosjektet skal starte planlegginga til hausten. Truleg vil vi nytte fleire teknologiar enn berre limtre og massivt tre, seier styreleiaren.

Natt til 19. januar 2014 vart Lærdalsøyri herja av den verste tettstadbrannen i Noreg sidan 1923. Over 60 bygningar vart råka og av dei vart 42 bygningar totalskadd. Ingen menneske omkom.