Frå neste sommar forsvinn NMT 450-nettet for mobiltelefonar frå Aurland, og dermed blir det slutt på mobildekninga på Flåmsbana. Det er noko av grunnen til at Jernbaneverket no set i gang eit prosjekt til rundt 14 millionar kroner for å laga eit heilt nytt kommunikasjonsnett som kan brukast som naudtelefon ved ulykker.
Ferdig til turistsesongen
Det vil no bli høve for kommunikasjon mellom togleiaren i Bergen og toga på heile strekninga, og dette vil bli eit viktig supplement til tryggleikstiltaka som alt finst, meiner Jernbaneverket. I dag startar dei arbeidet med å fly opp utstyr i fjellet, og til turistsesongen skal alt etter planen stå ferdig.