Hopp til innhold

Ny Terra-smell for Bremanger

Terrasaka har alt kosta Bremanger kommune 234 millionar kroner. No risikerer dei å tape minst ti nye millionar.

Rådmann i Bremanger kommune, Tom Joensen.

NEGATIVT: Bremanger sine verdipapiravtalar med Fokus og Depfa bank utviklar seg negativt. – Du kjenner deg litt hjelpeslaus, seier rådmann Tom Joensen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er verdipapiravtalane med Fokus Bank og Depfa bank som no kan føre til ein ny økonomisk smell for Bremanger kommune.

Dette er verdipapir som kommunen ikkje har klart å kvitte seg med , og som den siste tida har gått ned med ti millionar kroner i verdi.

– Du kjenner deg litt hjelpelaus. Det er ikkje mykje ein kan gjere med dette, utan å prøve å komme seg ut av avtalane, seier rådmann Tom Joensen.

Snudde seg i fjor

Kommunen stod også i fjor i same situasjon. Særleg avtalen med Fokus, gjorde at kommunen låg an til å tape 39 millionar kroner på grunn av lågt internasjonalt rentenivå.

Då snudde rentene like før rekneskapsåret var avslutta, og kommunen vart berga. No er det på ny dårlege tider i verdsøkonomien.

– Det er heilt umogleg å spå om dette vil skje i år også, seier Joensen.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Terraskandalen set tydelege spor

SJÅ: Terraskandalen set tydelege spor.

Ventar negativ utvikling

Rådmannen fekk siste oppdatering på verdiutviklinga 31. august. Denne veka ventar rådmannen i spenning på brevet som fortel om korleis utviklinga har vore den siste månaden.

Han har ikkje dei store håpa.

– Eg vil nesten vente at det utviklar seg negativt, seier Joensen.

Krevjande start

Nyvald ordførar Karl Vidar Førde frå Senterpartiet veit at starten på perioden kan bli krevjande for Bremanger kommune om ikkje.

Kommunen har prøvd å kvitte seg med avtalane men så langt har det vore vanskeleg.

– Dette er slikt vi må halde oss til sidan vi er inne i det. Vi må berre sjå kva vi har å halde oss til, seier Førde.