Hopp til innhold

Ny styreleiar i Fjord1

Forretningsadvokat Pål Wergeland Lorentzen frå Bergen blir ny styreleiar i Fjord1. Det bestemte eit samrøystes fylkesutval no nettopp. Wergeland Lorentzen får følgje i styret av Vidar Grønnevik, Høgre-politikar frå Florø, Arvid Andenæs, avtroppande banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, og Bente Nesse, rådmann i Hyllestad og tidlegare Ap-politikar.

Fylkespolitikarane skrytte av kompetansen til alle dei utpeikte styremedlemmane.