Hopp til innhold

Ny storsatsing på TV-serie i Sogn

I kjølevatnet av «Oppdrag Sognefjorden» planlegg produksjonsselskapet Strix å lage fire episodar av TV-serien «Villmark» i Sogn.

Sognefjorden sett frå Svarthiller på Molden, Luster

NY STORSATSING: Fire episodar av nye TV-seria Villmark skal spelast inn i Sogn.

Foto: Embla Maria Veum

Det kjem fram i ei pressemelding at Strix television, vil vise at jakta på utfordringar og spektakulære naturopplevingar i Sogn og Fjordane også høver seg for vanlege menneske. Arbeidstittelen til TV-serien er «Villmark», og er basert på reality-konseptet. Deltakarane er i konkurranse med kvarandre, og ikkje minst seg sjølve.

Produksjonsselskapet planlegg TV-serien «Villmark» og vil spele inn fire av elleve episodar i Sogn. Fylkesdirektøren for næring tilrår at Strix får 200 000 kroner i fylkeskommunal støtte, og saka skal handsamast i hovudutval for plan og næring 12. april.

Marknadsføring

I fylkesplanen er det sterkt fokus på film som metode for å marknadsføre og profilere Sogn og Fjordane i reiselivssamanheng.

– Det viser seg at kommersiell TV er ein god og tydeleg måte å profilere fylket og naturen på. Denne TV-serien vil syne at naturen i Sogn og Fjordane er meir enn berre for ekstremsportsutøvaren.

Målet i TV-serien er at alle rutene og aktivitetane deltakarane er med på, skal vere lett tilgjengelege for sjåarane, slik at også dei vert motivert til å ta seg ein tur, seier Arne Monrad Johnsen i næringsavdelinga i fylkeskommunen.

(Artikkelen held fram under bilete).

Oppdrag Sognefjorden

AKTIVITETSTILBOD: Sogn og Fjordane har ein variert natur som gir utfordringar som produksjonsselskapet ønskjer.

Foto: Sindre Kinnerød/Flash studio/NRK

Fire episodar frå Sogn

Det at Sogn og Fjordane har variert natur og stort aktivitetstilbod gjorde at Strix television ynskte å legge fire av episodane til fylket. Dei har søkt fylkeskommunen om støtte til lokale kostnader i Sogn for innspeling av fire episodar, og fylkesdirektøren tilrår ei støtte på 200 000 kroner. Det er hovudutval for plan og næring som avgjer saka i møtet 12. april.

I tillegg til framsyninga på TV 2 som er tenkt i beste sendetid våren 2012, vil det også verte oppretta ei internettside der sjåarane kan få meir informasjon om ruta, deltakarane og serien. Strix er produksjonsselskapet bak TV2-serien Farmen og første sesongen av 71 grader nord.