Hopp til innhold

Ny storaksjon mot ungt narkomiljø i Førde

Politiet aksjonerte i går mot ei privat adresse i Førde og arresterte fem personar for narkotikabruk. I tillegg vart ein person tatt medan han køyrde bil.

Lensmannskontoret i Førde
Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det syns vi ikkje noko om. Ruskøyring er eit problem uansett om ein er 18 eller 30 år, men når det skjer midt på dagen er det meir trafikk og større sjanse for ulykker, seier distriktsleiar for UP Terje Oksnes.

Midt på lyse dagen tysdag stoppa UP ein bilist i Førde sentrum og fatta mistanke om ruskøyring. Urinprøva viste at mannen hadde amfetamin i blodet.

– Det er ganske skummelt. Personen er fersk sjåfør, seier Joachim Malterud, politiførstebetent ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

UP har merka ei auke i bilistar som køyrer i narkotikarus.

– I 2015 var halvparten dei UP stoppa påverka av andre rusmiddel enn alkohol. No er det 80 prosent, seier Oksnes i UP.

På same adresse

I tillegg aksjonerte politiet mot den same adressa der fem personar i 20-åra arrestert for bruk av narkotika for halvanna veke sidan. 12 av dei personane som var på festen var der var mindreårige, som vart henta av foreldra. Tysdag vart det gjort fem nye arrestasjonar.

Joakim Malterud

POLITI: Politiførstebetent ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Joachim Malterud

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Fem av dei vart tatt på ei adresse i Førde sentrum, og fire av dei hadde utslag på ei prøve vi gjorde for narkotika i systemet. Den sjette personen er knytt til det same miljøet og vart stoppa i trafikken. Urinprøva gav utslag på amfetamin, seier Malterud.

– Det er skuffande å gjere slike funn på same adresse, så kort tid etter førre aksjon, seier Malterud.

Det vart funne mindre mengder narkotika, samt brukarutstyr og dei arresterte skal vera unge vaksne, tidleg i 20-åra.

– Det er stor grunn til bekymring når det sit unge menn i den alderen og ruser seg på ein tysdag, seier Malterud.

I dagane etter dei første arrestasjonane snakka NRK med fleire mindreårige ungdommar som fortalde at det er enkelt å få tak i narkotika om ein ønsker det.