Hopp til innhold

Rumensk spelar dukka opp på trening - kan bli joker i innspurten

Ghiorghita Marius Ion har spelt på nest høgaste nivå i Romania. Denne veka dukka han opp på trening med Førde – og kan bli ein joker.

Knut Erik Folland (t.v.) og Torbjørn Glomnes

NY SPELAR PÅ GANG: Trenarduoen Knut Erik Folland (t.v.) og Torbjørn Glomnes kan ha ein ny spelar klar for innspurten i 2. divisjon – dersom dei vel å la Ghiorghita Marius Ion få kontrakt med klubben.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er spennande, ikkje minst fordi han plutseleg dukka opp – utan at vi har jobba for det, seier administrativ leiar Jo Inge Gåsvær i Førde Fotball til avisa Firda.

Tek snart ei avgjerd om overgangen

Førde har kniven på strupen, der dei ligg på den utsette nest siste plassen i 2. divisjon for herrar. Med ni kampar igjen av sesongen er dei avhengige av ein god serieinnspurt.

Etter at Ruben Holsæter forsvann til Sogndal, kan difor Ghiorghita Marius Ion fort bli ein joker – dersom Førde vel å nytte seg av rumenaren.

– Han har spelt på det nest høgaste nivået i Romania, og det skulle vel gje ein viss garanti for at han held eit visst nivå. Men vi må sjå totalen gjennom veka før vi tek ei avgjerd, seier trenar Knut Erik Folland til Firda.

– Vil gjerne spele for Førde

Den rumenske spelaren har komme til Førde som eit resultat av at kjærasten Simona Balcan skal byrje å spele handball for klubben.

I rumensk fotball har han spelt for Unirea Slobozia.

– Eg har lyst til å spele for Førde medan kjærasten min spelar handball her. Vi får sjå om eg gjer eit godt nok inntrykk, seier Ghiorghita Marius Ion til Firda.