NRK Meny
Normal

«Nye Stadheim» klar for Sogndal

Sogndal Fotball har skrive kontrakt med midtbanespelaren Kristoffer Nesse Stephensen (22).

Kristoffer Nesse Stephensen

KLAR: Kristoffer Nesse Stephensen kjem frå 2. divisjonsspel med Fyllingsdalen til Sogndal Fotball.

Foto: Rune Sjøberg

Klubben vart tysdag kveld samde med spelaren og hans tidlegare klubb, 2. divisjonslaget FK Fyllingsdalen, om overgangen.

Spelaren vert samanlikna med den slepne midtbaneteknikaren Anders Stadheim, som i mange år herja på midtbana til Sogndal.

– Vi er glade for å få Kristoffer inn i A-lagsstallen. Han er ein anvendeleg, teknisk god spelar med eit godt fotballhovudet. Han kan likne litt på ein Anders Stadheim-kopi, seier sportsleg leiar Håvard Flo til sogndalfotball.no.

Ut 2015-sesongen

Nesse Stephensen har vore i Sogndal sidan august i fjor, der han trena med Sogndal 2.

Jonas Olsson, Terje Skjeldestad og Håvard Flo

NØGDE: Trenarteamet i Sogndal, her ved Jonas Olsson, Terje Skjeldestad og Håvard Flo, er nøgde med å ha fått Kristoffer Nesse Stephensen i stallen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

For A-laget spelte han første omgang i treningskampen mot Fana, medan han spelte heile treningskampen mot Aalesund. No har 22-åringen skrive under ein kontrakt som gjer han til Sogndal-spelar ut 2015-sesongen.

– Vi er stolte over at vi endå ein gong har henta ein spelar som har gått i gjennom andrelagssystemet. Han har trena med oss fast sidan nyttår, då vi ynskte å sjå om dette kunne passe for han og oss. Dette gjorde at vi fekk god kjennskap til han, både på og utanfor bana, avsluttar Flo.

Frå før er Erik Dahlin og Rune Bolseth nye i høve til fjoråret.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast