Hopp til innhold

Moberg klar for klubben han eliteseriedebuterte mot

Midtbanespelaren Vegard Leikvoll Moberg er den andre spelaren som byter Sogndal si kvite og svarte trøye, med Bodø/Glimt sine heilgule.

Vegard Leikvoll Moberg er klar for Glimt.

BYTER KLUBB: Bodø/Glimt-trenar Aasmund Bjørkan ynskjer Vegard Leikvoll Moberg velkommen til klubben.

Foto: Glimt.no

Vegard Leikvoll Moberg kom til Fosshaugane frå Åsane i fjor sommar. Han fekk seks Tippeligakampar for Eirik Bakke sitt mannskap.

Onsdag skreiv 26-åringen frå Os under ei kontrakt som gjer han til Bodø/Glimt-spelar ut 2019-sesongen.

– Det vil passe meg bra å medverke til å spele opp ein klubb frå Obosligaen. Sjølv om eg kjem frå Eliteserien er det ikkje noko nedtur for meg å gå tilbake til Obosligaen, seier han til Bodø/Glimt sine nettsider.

Treng speletid

Vegard Leikvoll Moberg

DEBUTERTE: Vegard Leikvoll Moberg fekk sin eliteseriedebut mot nettopp Bodø/Glimt etter overgangen frå Åsane i fjor sommar.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Den 190 centimeter høge midtbanespelaren debuterte for Sogndal mot nettopp Bodø/Glimt. Glimt leia 2-0, men kampen enda 2–2.

Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, seier det er stor konkurranse om plassen på sentral midtbane.

– For Vegard si vidare utvikling og karriere er det viktig at han får meir regelmessig speletid framover, og der er sjansen større i Bodø/Glimt for tida, seier Flo til Sogndal Fotball sine nettsider.

– God kjensle

Håvard Flo

SJANSE: Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, ynskjer Vegard Leikvoll Moberg lukke til i Glimt. – Dette er ein kjempefin moglegheit for Vegard, seier han.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

For Moberg blir det gjensyn med gamletrenaren Kjetil Knudsen. Knudsen som var trenar i Åsane, er no assistenttrenar i Bodø.

Det blir også gjensyn med Kristian Fardal Opseth. Sogndal-spissen er på lån frå Sogndal.

– Det er ei god kjensle no. Det er godt når ting endeleg landar etter mykje uvisse. Eg har trua på at dette blir bra, seier Moberg til Glimt sine nettsider.