NRK Meny
Normal

Ny småbåthamn opna i Måløy: – Den flottaste i Sogn og Fjordane

I går ettermiddag opna ei ny småbåthamn måløyværingane har venta på i fleire tiår. Det var ein svært glad ordførar som stod for opninga.

Opning av den nye småbåthamna Måløyhopen i Måløy, laurdag 3. mai 2014.

Foto og redigering: Bjarne Eldevik.

– Det var ein svært kjekt dag. Det var mykje folk, og arrangørane hadde laga eit fint opplegg rundt opninga, med konsertar og mat. Når vêret losna etter kvart, så var alt på plass, seier ordførar i Vågsøy kommune, Morten A. Hagen.

Hamna opna for båtar i fjor, men den endelege opninga av det ferdige anlegget var i går. Namnet er Måløyhopen.

Har ikkje vore godt nok

Ordføraren seier at måløyværingane har venta svært lenge på ei god hamn for besøkande.

Måløyhopen

VENTA LENGE: Denne nye gjestehamna har innbyggjarane og besøkande venta lenge på.

Foto: Bjarne Eldevik

– Fasilitetane for småbåtar har ikkje vore gode nok her i Måløy, men no er alt på plass med ny gjestehamn. Det er også er ei hamn for sjarkflåten, seier Hagen.

Og han sparar ikkje på krutet på spørsmål om korleis han vil skildre den nye hamna.

– Eg vil påstå at dette no er den beste gjestehamna for småbåtar i Sogn og Fjordane. Så no inviterer vi alle båtfolk til å kome, seier ordføraren.

I tilknyting til den hamna vart ei ny fyrlykt også opna. I talen sin sa ordføraren at han håpar at den nye gjestehamna og fyrlykta Havneøya vil bidra til regionen.

– Vi håpar med dette at hamna og Måløy vert lagt merkje til av alle sjøfarande, og at dei finn ei trygg og velfungerande hamn, samt at det bidreg til vekst i næringslivet og trivsel for oss alle, sa ordføraren i sin tale i går.

(Artikkelen held fram under biletet)

Havneøya Måløy

HAVNEØYA: Her er den nye fyrlykta i tilknyting til den nye gjestehamna. Den er tilgjengeleg for alle.

Foto: Bjarne Eldevik

Spleiselag

Mange gode krefter bidrog til at hamna på 210 meter, med plass til 60 båtar, endeleg skulle verte ein realitet.

Ordføraren kallar det eit spleiselag, og skryt av alle involverte partar.

– Nordfjord Havn IKS, det interkommunale selskapet har stått for noko. Så har selskapa Måløy eigedomsutvikling og Læfdal eigedom gjeve disposisjonsrett på kaiområdet og bidrege med kapital på over 600 000 kroner, seier Hagen.

Også breiare deler næringslivet i regionen har vore med, fortel ordføraren.

– Bedrifter og industrien har vore med med betydelege beløp, og det er veldig flott, seier han.

Og det enda med ein flott dag, der mange valde å følgje badetrenden som går som ein farsott over landet i desse dagar.

- I løpet av dagen såg vi eit jamt sig av folk som hoppa i havet frå den nye gjestebrygga, seier Hagen.

Måløyhopen

MÅLØYHOPEN: Her er porten inn til den nye gjestehamna

Foto: Bjarne Eldevik
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser