Hopp til innhold

Den nye skulen i Eikefjord sprekk med 26 millionar kroner

Kostnadsramma for ny skule Eikefjord sprekk med 26 millionar kroner. Det blei klart då formannskapet i Flora i dag handsama rehabiliteringa av skulen i Eikefjord.

Hilde Humlstøl Assen, Mona Standal Ødegård og Trine Hovland

DET VI FRYKTA: Rektor Hilde Humlestøl Aasen, inspektør Mona Standal Ødegård og adm. konsulent Trine Hovlandved Eikefjord skule.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Prisen er no komen opp i vel 140 millionar kroner.

– Vi frykta at det skulle kome store overskridingar, seier rektor Heidi Humlestøl Aase


Rektoren trur ikkje det no er heilt realiserbart å få ein ny skule i Eikefjord til 2016.

– Her må ein gå nokre rundar til, men at det blir ein ny skule er eg sikkert på. Eg håpar at politikarane skjønnar at tid er noko som er kjempeviktig i prosessen vidare.

Rehabilitering av skulen har vore på planen heilt sidan 1992, skulen var bygd i 1963.

Same kvar skulen vert plassert

Dagens skule manglar ventilasjonsanlegg. På vinteren er det vanskeleg å halde temperaturen oppe og når det er varmt ute er det vanskeleg å halde den nede. I tillegg er det mangel på grupperom, møte rom og arbeidsplassar til dei tilsette, forklarar Humlestøl.

– Mest ønskeleg for skulen sin del er at vi om ikkje altfor lenge sit med ein moderne skule som skal kunne vare i mange år framover. Om det blir på den plassen som er tenkt, altså der skulen står i dag, eller om ein vel å flytte den fordi det er det beste, så er ikkje det noko eg tenkjer er det viktigaste. Det er tida og at vi får ein god skule for Eikefjord som teller, seier rektoren.

Rektoren er likevel usikker på om den nye skulen vil stå klar i 2016.

Sjå på nye alternativ

Bengt Solheim-Olsen

NYE ALTERNATIV: Ordførar Bengt Solheim-Olsen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ordførar i Flora, Bengt Solheim-Olsen trur ein må sjå på nye alternativ.

– Eg trur bystyret vil finne det problematisk å finne økonomiske midlar til å prioritere det. Så eg trur at ved neste bystyremøte så vil dei ha behov for å sjå på alternative moglegheiter til å få realisert ein god nok og framtidsretta skule for tilsette og elevane i Eikefjorden.

Kommunen har fått brev frå Fylkesmannen om at dei ligg farleg nære ved å hamne på Robek-lista.

– Korleis kan ein både få ny skule og samstundes ikkje hamne på Robek?

– Det er først og fremst gjennom å sjå om vi kan finne andre modellar enn dei som ligg på bordet i dag. Skulle bystyret vedta å investere 136 millionar for å reise og rehabilitere skulen i Eikefjord, så er likevel viljen og evna til å takle utfordringane i økonomiplanen dei neste åra til stades, seier Solheim-Olsen.

Herre i eige hus

Han opplever bystyret sine budsjettvedtak som at dei er opptekne av god og stram økonomisk styring. Kommunen har vore i Robek nokre gongar for mykje og ordføraren seier dei ikkje ønskjer å kome inn att der.

– Vi ønskjer å vere herre i eige hus.

Anders Ole Sunnarvik

HAR LØYSINGA: Anders Ole Sunnarvik (AP) meiner ny skule på idrettsplassen er ei løysing.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eit alternativ vil vere å byggje ny skule ein annan stad, må ein begynne med planane på ny?

– Det er sannsynleg at dette vil forseinka prosjektet med nokre månader. Det vil uansett vere betre å bruke nokre månader til enn å vedta noko som kanskje aldri blir realisert fordi det er for dyrt, seier Solheim-Olsen

Anders Ole Sunnarvik (Ap) er formannskapsmedlem og grendelagsleiar i Eikefjord. Han meiner å ha løysinga på korleis ein skal få fiksa skulen og halde seg ute av Robek.

– Eg er villig til å sjå på ei anna løysing enn å rehabilitere dagens skule. Ta idrettsplassen, som er kommunal tomt, bygg ein ny skule til 115 mill. Då held vi oss innanfor ramma. Og vi har likevel ei flott kunstgrasbane i Eikefjord, seier Sunnarvik.