Hopp til innhold

Høgg seg til gamal rikdom

FRØNNINGEN (NRK): Etter 20 år utan hogst, kan godseigaren frå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» på ny sjå verdifullt tømmer bli hogd på Vestlandets største skogeigedom.

Vilhelm Rumohr

GODSEIGAR: Vilhelm Rumohr eig enorme skogområde på sørsida av Sognefjorden.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er eigentleg ei veldig god kjensle. Det har vore litt tynning av skogen, og så var det oppryddinga etter orkanen Dagmar. Men dette er ordentleg hogst, og det følast veldig bra.

Vilhelm Rumohr, gods- og skogeigar på Frønningen, ser på den store hogstmaskina som feller trea på eit par sekund.

I 2014 fekk folk bli betre kjend med han i TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

August Johan Evensen (t.v.) og Vilhelm Rumohr

FØRSTE GONG SIDAN 90-TALET: Skogbruksleiar August Johan Evensen (. t.v.) og skogeigar Vilhelm Rumohr i ei av dei nye hogstfelta på Frønningen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Hjortejakt og skogsdrift

På veglause Frønningen budde det om lag 100 personar rundt år 1900. Dei livnærte seg av skogen, og det gjorde Frønningen rikt. Det store herskapshuset til Rumohr, lett synleg frå fjorden, vart bygd på den tida. Men i 1997 la det siste sagbruket ned, og sidan den gong har det vore lite eller ingen drift i skogen. I dag kan ein tella innbyggarane på to hender.

Frønningen

KJENNEMERKE: Det store herskapshuset vart bygd i 1900.

Foto: Vilhelm Rumohr

Men no har tømmerhoggarane igjen gjort sitt inntog i dei enorme furuskogane.

– Skogbruket har lenge vore ein hobby. No vil eg prøva å få det oppatt som ein aktiv ressurs, på linje med jakt og turisme, seier Rumohr.

Dei seinere åra har det vore jaktutleige som har vore hovudinntektskjelda hans. Området er populært for jegerar som vil skyta hjort. Rumohr trur at haustens hogst vil gjera det betre for både hjorten og jegerane.

– Hogstfelt er gode områder for hjorten. Det er bra beite, og det er spananade for jegerane å jakta der.

Skogsdrift på Frønningen

ENORMT: Det er om lag 20 000 dekar med produktiv skog på Frønningen, av 60 000 dekar land.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Eigedomen til Rumohr er på 60 000 dekar, der 20 000 dekar er produktiv skog. Om lag 7000 kubikkmeter med tømmer skal hoggast ned og fraktast ut med båt i denne hogsten, som er minst 20 000 tre over eit område på 300 dekar

For å setta det litt i perspektiv; det er berre éin og ein halv prosent av all produktiv skog på Frønningen.

Skog i 500 år

Frønningen si skogbrukshistorie strekk seg mange hundre år tilbake i tid.

Frønningen - tømmerfløyting

LANG TRADISJON: Skogbruket på Frønningen strekk seg mange hundre år tilbake.

– Me veit sikkert at skogsdrifta her strekk seg tilbake på midten av 1500-talet, då dei vassdrivne oppgangssagene vart utvikla. Det var to eller tre sager på 1500-talet, fleire på 1600-talet og den siste kom i 1740.

August Johan Evensen (t.v.) og Vilhelm Rumohr

NØGD: Skogbruksleiar August Johan Evensen (t.v.) er nøgd med kvaliteten på skogane på Frønningen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Tømmeret skal fraktast ut med båt. Det blir sendt til eit lokalt sagbruk i Luster, til Salten i Nordland og til Tyskland.

– Det er mykje god kvalitet her på Frønningen. Skogen her er i snitt 100 til 120 år gamal, så den har hatt god tid til å laga tre med mykje kjerneved, seier August Johan Evensen, skogbruksleiar hjå Skogvest, som har ansvaret for hogsten på Frønningen.

I eit herskapleg gods langs Sognefjorden bur Vilhelm Rumohr. Han arva den største skogseigedomen på Vestlandet som 19-åring, og hadde inga aning om kva han gjekk til. For kommunikasjonane med utanomverda er sparsommelege, og det som gjorde forfedrene hans rike må i dag utnyttast på heilt andre måtar.

DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU: I eit herskapleg gods langs Sognefjorden bur Vilhelm Rumohr. Han arva den største skogeigedomen på Vestlandet som 19-åring, og hadde inga aning om kva han gjekk til. For kommunikasjonane med utanomverda er sparsommelege, og det som gjorde forfedrane hans rike må i dag utnyttast på heilt andre måtar.