Hopp til innhold

Ny siger for Florø

Florø fotball ser ut til å vere inne i ein god flyt, og denne helga vart det endå ein siger for dei blåkledde i dagens kamp mot tabelltoar Ranheim.

Florø

I FLYTSONA: Florø er inne i ein god periode etter to sterke bortesigrar i 1. divisjon. Dette biletet er frå ein tidlegare kamp.

Foto: Truls Kleiven

– Vi er heldige som ikkje fekk mål mot oss i første del av kampen, for då var vi dårlege. Men etter kvart er det berre vi som har store sjansar, og det er kjekt, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Det var Endre Kupen som sende Florø opp i leiinga på straffe etter 34 minutt. Ni minutt ut i andre omgang auka Stefan Aase leiinga til 0–2.

Det vart delt ut heile sju gule kort i løpet av kampen, og mellom anna fekk målscorar Kupen eit gult kort etter 31. minutt.

Etter 15 spelte kampar er Florø no oppe på ein åttande plass. Tabellen er jamn, og mykje kan endre seg fort, men florøværingane ser likevel ut til å fått nedrykksplassane litt på avstand for ei stund.

– Vi har hatt enorme skadeutfordringar denne kampen, og det er ein del av forklaringa på kvifor vi har slite så mykje i år. No har vi fått fleire spelarar tilbake, og det begynner å ta seg opp.

Endre Kupen og Glenn Andersen

SCORA MÅL: Endre Kupen scora eitt av måla i dagens kamp mot Ranheim. dette biletet er frå ein tidlegare kamp.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Og ein spelar som har kome tilbake frå skade er Endre Kupen.

– Vi har vel seks sigrar og eitt tap sidan Kupen kom tilbake, så det er ingen tvil om at han har løfta oss veldig, seier Rognsø.

Kupen sjølv hadde bursdag i går, og varsla i går at han kom til å feire bursdagen med tre poeng i dag.

– Eg går alltid på bana for å vinne, så det er kjekt at det gjekk slikt. Det er den beste bursdagsgåva eg kunne ha fått, seier Kupen.

Har blitt eit 1.-divisjonslag

Før sesongen tok til var Terje Rognsø klar på at folk måtte ha realistiske forventningar til Florø, etter det overraskande opprykket.

Eg sa det at vi var ikkje eit 1.-divisjonslag, men vi kunne bli det. No føler eg endeleg at vi faktisk er i ferd med å bli det.

I førre serierunde vann Florø mot Mjøndalen: Florø braut Mjøndalen si sigersrekke.

Laster innhold, vennligst vent..