NRK Meny
Normal

Ny sesong av Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

På søndag får vi sjå nye stadar der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Kvar helg fram til jul kan du bli med til ein av dei som lever eit heilt anna liv at dei fleste av oss.

Der ingen skulle tru

ARBEIDSHESTEN: Hesten til Magne Sylvarnes er ikkje til pynt. Fjordingen er tvert om den viktigaste arbeidskameraten til bonden på Sylvarneset

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Årets sesong blir ein rundtur til ulike utkantar i landet vårt. Du får sjå folk som bur på avsidesliggjande stadar både i Finnmark og på Sørlandet, men også fleire plassar på vestlandet, det seier programleiar Arve Uglum.

Saman med fotograf Torje Bjellaas har han besøkt seks ulike plassar i vårt vidstrakte land. Der har dei treft på mange forskjellige menneske. Fellesnemnaren mellom dei er at dei bur langt frå folk, på stadar som kanskje krev litt meir av dei

Arve Uglum ny programleiar for Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

GLER SEG: programleiar Arve Uglum gler seg til å vise fram ein ny sesong av Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Foto: Christian Blom

Her kan du sjå tidlegare sesongar av serien

Med løypestreng og fjordhest

I første episode vert vi kjent med Magne Sylvarnes som bur på Sylvarneset i Sogn. Med ein fjordhest driv han familiegarden på gamlemåten, nesten heilt utan traktor eller andre moderne hjelpemiddel.

– Det har ingenting med nostalgi å gjere, men med at bakkane på sylvarneset er så bratte at det rett og slett er ein skikkeleg arbeidshest som er tingen. Då eg såg dei første bileta med fjordhesten vandrande i liene langs Sognefjorden, tenkte eg med ein gong at dette kom til å bli eit fantastisk program.

Magne Sylvarnes med arbeidshesten

PÅ GAMLEMÅTEN: Magne Sylvarnes brukar nesten ikkje traktor. I dei bratte liene over Sognefjorden fungerer hesten mykje betre.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Programleiar Uglum fortel at arbeidet med den andre sesongen av programmet har teke det meste av 2016.

Les også: Ny programleiar i Der ingen skulle tru

– Det har vore eit langt svangerskap det her. Vi byrja dei første opptaka fjerde januar, og siste sending går på lufta 25 desember. Det skal bli godt å vise til folk at vi har vore på jobb i år og, seier Uglum.

Månadar med redigering

Etter å ha vitja dei seks stadane både i vinter og i sommar, har dei siste månadane gått med til å setje i hop alle inntrykka dei hadde fått.

– Siste opptaket vart gjort i slutten av august, så sidan den tid har vi berre vore i bunkersen og redigert. Vi har jobba hardt for å setje saman desse historiene slik dei folka vi har vitja fortener at dei skal vere.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen