Ny salsrekord

Vest-Norges Fiskesalslag tente i snitt 13 millionar kroner i veka i 2018, skriv Fjordenes Tidende. Det er ny rekord. Fiskesalslaget omsette for totalt 682 millionar kroner. I kvantum har dei handtert 25.000 tonn fisk og 15.000 tonn tare i løpet av fjoråret.