Hopp til innhold

Politikarane går inn for røykestogg i fylkeskommunen

Tilsette og politikarar i fylkeskommunen må snart kutte røyken på arbeidsplassen, i tenestebilane og i arbeidstida.

Tilsette og politikarar i fylkeskommunen må kutte røyken. Det har politikarane avgjort.

POSITIVT: Både Olin Johanne Henden frå Høgre og Jenny Følling frå Senterpartiet er glade for at alle tilsette i fylkeskommunen og dei folkevalde må kutte røyken i arbeidstida og på fylkeskommunal grunn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Dette har vore regelen for skulane lenge, og no meiner me det bør vera like reglar for både tilsette, skuleelevar og folkevalde. Sjølv om dei folkevalde utfører eit verv og i realiteten er på tenestereise, så er det viktig at heller ikkje dei røyker på fylkeskommunal grunn, seier Jenny Følling, fylkesvaraordførar frå Senterpartiet.

Får ikkje stå på hjørnet lenger

Om dei folkevalde no vil ha seg ein røyk, må dei gå ein anna stad.

– Det er ikkje noko fint syn at det står nokon utanfor inngangen til fylkeskommunen og røyker, seier fylkesvaraordføraren.

Ho er glad for vedtaket, og meiner at røykarane vert ivaretekne sidan dei får lov å røyke på tilviste stader eller utanfor området til fylkeskommunen.

Olin Johanne Henden (H) seier det er ei avveging mellom personleg fridom og folkehelse.

Å røyke på fylkeskommunen sin grunn blir det snart slutt på.

SLUTT: Snart er det slutt på røykepausar for tilsette og politikarar i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– I tillegg har det kome nye reglar. Det er problematisk at me som arbeidsgjevarar har ulike reglar for fylkeskommunalt tilsette og andre på dei vidaregåande skulane. Det er ikkje bra at det er ulike reglar, seier Henden.

Forslaget kom frå Fylkesrådmann Tore Eriksen, men møtte krass kritikk frå røykjar og Frp'ar, Frank Willy Djuvik.

Politikarane kan framleis snuse

Det er fylkestinget som tek den endeleg avgjerd på tinget i desember. I forslaget som vart vedteke onsdag, kjem det også fram at tilsette og folkevalde skal få tilbod om røykeavvenningskurs.

Å bruke snus blir forbode for tilsette som er i kontakt med born, unge, pasientar eller publikum. Høgre og Venstre var kritiske til det.

– Det er vanskeleg å handheve dette. Som ein lærar har sagt, så sjekkar ikkje dei munnhola på elevane for å sjå om dei snusar. Røyking kan regulerast, men me har ikkje røykepoliti, og me vil heller ikkje ha snuspoliti. Det er heller ikkje like store skadar ved snus, og me vil heller opplyse om farane og slik oppmode folk om å slutte. seier Henden frå Høgre.