Hopp til innhold

Ny rektor på Sogndal VGS

Ole Jørgen Øygarden (49) blir ny rektor ved Sogndal vidaregåande skule. Han vaks opp på Årdalstangen og er busett på Vangsnes i Vik. Han var ein av sju søkarar til stillinga etter Marta Sofie Vange som går av med pensjon. Øygarden kjem frå stillinga som rektor ved Flatbygdi skule i Vik.

Ole Jørgen Øygarden
Foto: Anne Mårdalen