NRK Meny
Normal

Ny rekord? Førar mista lappen etter tolv timar

Ein fersk sjåfør frå Sogn og Fjordane hadde nettopp bestått førarprøven. Tolv timar seinare vart han stogga i fartskontroll.

UP-kontroll

HARD PÅ GASSEN: Ein 19-åring frå Sogn og Fjordane kan ha sett ein lite ønska rekord: tolv timar etter oppkøyring mista han lappen i ein fartskontroll.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Det spesielle førarkortbeslaget skjedde under ein trafikkontroll på E39 ved Bergheim i Gloppen.

– Den ferske sjåføren vart målt til 119 km/t i 80-sona, seier Ole Tom Nord, ved operasjonssentralen i Florø.

Politiet gjorde store auge då 19-åringen plukka fram det mellombels køyreløyvet, som viste at han hadde køyrt opp same dag.

– Eg har ikkje høyrt om at nokon har mista førarkortet etter berre å ha hatt det i tolv timar. Utan at det dermed er sagt at det ikkje kan ha skjedd før, seier Nord.

Laster Twitter-innhold

19-åringen var ein av to som mista førarkortet denne dagen. I tillegg vart det skrive ut sytten forenkla førelegg. Høgste fart vart målt til 121 km/t.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote