NRK Meny
Normal

May Britt Buer med to rekordar på to dagar

Motbakkedronninga May Britt Buer (36) frå Odda slo sin eigen løyperekord på Rimstigen opp i Aurland på laurdag. Søndag klinka ho til med nok ein løyperekord, denne gong på Eggenipa opp i Gloppen.

May Britt Buer

SUVEREN: May Britt Buer er suveren i Eggenipa opp. Her er ho på veg inn til sin femte siger i motbakkeløpet i Gloppen.

Foto: Roy Raasholm Fause / NRK

– Eg var litt usikker etter i går, for Rimstigen opp er også eit bratt og tungt løp, og eg kjende det litt i beina i dag, seier Buer.

Men rekordløpet i går må tydelegvis ha forsvunne raskt ut av beina, for søndag var det Eggenipa opp sin rekord som stod for fall.

Vunne alle ho har delteke i

Den gamle rekorden, som også var Buer sin, var på 56 minutt og 54 sekund, sett i 2011. I dag klinka ho til og slo sin eigen rekord med 1.01 minutt, og klokka inn på 55.53.

– Løypa var mykje tørrare i dag enn den har vore dei siste åra. Første del av løypa er det litt myr og blautt terreng, så det var ein fordel at det ikkje var så blautt som det plar å vera, seier ho.

Øyvind Heiberg Sundby
Foto: Roy Raashom Fauske / NRK

Dette var den femte sigeren av fem moglege for Buer i Eggenipa opp. Ho har fire strake sigrar frå 2009 til 2012, men i fjor vart ho tvungen til å kasta inn handkledet grunna ein skade.

– Det er eit av favorittløpa mine, og står alltid i kalenderen så sant eg ikkje er skada. Eg likar det bratt, tungt og myrete, så det er midt i blinken for meg!

– Ho kjenner løypa godt, for å seia det slik, seier løpsleiar Olav S. Egge i Breimsbygda idrettslag.

Heiberg Sundby tok også ein dobbel

I herreklassa var det Øyvind Heiberg Sundby som vann. Han klokka inn på 49.48 minutt.

Også han sprang Rimstigen opp i Aurland laurdag, men måtte nøya seg med berre siger der, han makta ikkje å slå ny løyperekord.

Øyvind Heiberg Sundby

VANN HERREKLASSEN: Øyvind Heiberg Sundby frå Leikanger.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast