Talet på reisande i fjor er 15.000 høgare enn året før. I 2004 reiste 459.144 personar med den spennande jernbanestrekninga frå Flåm til Myrdal. Kvart år trekkjer den til seg menneske frå heile verda. Det har ført til at Flåmsbana i dag står fram som ein av Norges største og mest spektakulære turistattraksjonar. Og det er nettopp dette dei jobbar imot.
- Stort potensiale
Men Flåm Utvikling gir seg ikkje med denne rekorden. Lühr meiner potensialet er langt større. Han er sikker på at dei skal nå 500.000 passasjerar om tre år.
I fleire år har utviklingsselskapet i Aurland arbeidd for å hente gjester frå heile verda, og no står også Sør-Amerika for tur.