Hopp til innhold

Ny rekord i bompengar – lokale Frp – folk fortvilar

Aldri før har det norske folk betalt så mykje i bompengar som no. Ferske tal frå bompengeselskapa syner at milepælen ti milliardar kroner er nådd for første gong.

Bompenge-skilt

MYKJE PENGAR: Folk betalte 10,2 milliardar kroner i bompengar i 2017.

Foto: Sundsdal, Svein / NRK

– Det er ikkje god Frp-politikk i mine øyre, seier leiar i Luster Frp Ernst Veum.

Ferske tal frå bompengeselskapa syner at nordmenn i 2017 betalte inn 10,2 milliardar kroner i bompengar. Det tyder at kvar bil i snitt betalte rundt 3900 kroner i bompengar.

Til samanlikning betalte vi like over 6 milliardar kroner i 2008 (I 2016-pengar).

– Ein ting er dei lokale vegane. Vi må ha respekt for lokaldemokratiet. Men at staten tek inn stadig meir bompengar, til dømes på stamvegane, det er jo ikkje Frp-politikk, seier Veum.

Han seier at han er ein enorm motstandar av bompengar.

Ernst Veum

LIKAR IKKJE BOMPENGAR: Ernst Veum i Luster Frp likar ikkje bompengar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– For folk flest er det ei stor belastning. Ikkje minst for dei som pendlar.

Det er i ein rapport frå Vegvesenet til samferdsledepartementet at det førebelse resultatet for bompengeselskapa sin drift i 2017 kjem fram.

Skulle fjerne alle bompengar på hundre dagar

Motstand mot bompengar har ein lang tradisjon i Framstegspartiet. Før valet i 2009 meinte partiet at dei kunne fjerne alle bompengar på 100 dagar dersom dei fekk regjeringsmakta.

Også før valet i 2013 gjekk dei hardt ut, med motstanden mot bompengar som ein av sine fanesaker. Likevel aukar altså bompengane, og er no på eit nytt rekordnivå.

Og Veum er ikkje den einaste i Frp som er irritert over at bompengane aukar så mykje medan partiet sit i regjering og har samferdsleministeren.

– Bompengar er ein skikkeleg uting, som aldri skulle vore innført. Staten skulle haldt oss med gode vegar, seier Atle Jan Frøyen, leiar i Bremanger Frp.

Frøyen tykkjer også det er særleg sårt at hans eige parti ikkje har fått ned bompengebruken.

– Vegane her i Sogn og Fjordane er jo ein skam. Eg skjønar at ein må forhandle med andre parti når ein sit regjering, men det er ein skam dei vegane vi køyrer rundt på, seier Frøyen.

Ketil Solvik Olsen på jernbanekonferanse i Sarpsborg 2016

BETRE ENN ALTERNATIVET: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen frå Frp meiner dagens regjering er mykje betre enn alternativet, og at den raudgrøne regjeringa har mykje av skulda for auken i bompengar.

Foto: Anne Ognedal / NRK

Skuldar på dei raudgrøne

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) seier at hovudforklaringa på at bompengane aukar så mykje, er at den raudgrøne regjeringa starte veldig mange vegprosjekt med bompengar.

– Vi betalar ned veldig mykje av den gjelda som dei raudgrøne tok opp. Men andelen bompengar på nye vegprosjekt går heilt klart ned.

Men det har blitt sett opp fleire bomstasjonar enn det har blitt lagt ned medan de har sete i regjering?

– Ja, men så har ikkje vi fleirtal i regjeringa, og regjeringa har heller ikkje fleirtal på Stortinget. Fleire av våre forslag om å kutte i bompengar har blitt nedstemt i Stortinget.