NRK Meny
Normal

Ny rekord for Raad

Trude Raad sette ny norsk aldersrekord i slegge på ungdomsmeiersterkapen på Byrkjelo laurdag.

Kasttalentet Trude Raad frå Gloppen sette laurdag ny aldersrekord for jenter 16 med eit kast på 54,20 meter.

Trude Raad
Foto: Pressefoto

Rekorden er tre meter lenger enn då ho sikra seg bronse i senior NM. Dermed er det no internasjonal klasse over kasta til 16 åringen frå Gloppen.

Kristine Gjengedal, også ho frå Gloppen, ligg an til sølv i same konkurranse.

Sølv og bronse i stav

Kim Leirvik frå Flora sikra seg sølvmedaljen i stav for gutar 18 under Ungdomsmeisterskapen på Byrkjelo laurdag. Tor inge Øvrebøtten frå Svelgen fekk bronse i same konkurranse.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy