Statsadvokat Jan Hoel seier denne bestlutninga blei teken i går formiddag, altså før han fekk brevet frå Riksadvokaten, der statsadvokatane blei bedt om å stramme inn praksisen av rasismeparagrafen.
Dårleg tid
Og politimeisteren i Sogn har dårleg tid på seg i denne etterforskinga. Rettsaka mot dei to tiltala 19-åringane frå Naustdal skal byrje i Indre Sogn Heradsrett den 13. mars, og i følgje Hoel er det ikkje aktuelt å utsetje denne saka.
-Det har allereie gått lang tid sidan hendingane skjedde, så noko utsetjing er uaktuelt, seier han.
-Hatsk lynsjestemning
Den nye etterforskinga i Beheim Karlsen-saka er eit utslag av hatsk lynsjestemning etter Holmlia-drapet. Det seier forsvararen til ein av dei tiltalte, Tor Erling Staff. Han meiner alle bevis i saka alt er vurdert, og at rettsapparatet ikkje må kople dei to sakene.