Hopp til innhold

Ny rapport: Vie får kritikk for leiarstilen

FØRDE (NRK): Leiaråtferda til viseadministrerande direktør Vidar Vie i Helse Førde kan ha vore til hinder for eit forsvarleg arbeidsmiljø for ein varslar i føretaket. Det gjer at styret må ta grep.

Vidar Vie

FÅR KRITIKK: Vidar Vie er viseadministrerande direktør i Helse Førde.

Foto: Bent Are Iversen, Firda

Men granskarane frikjenner Vidar Vie når det gjeld trakassering. Vie har ikkje trakassert varslaren.

Det er ein av konklusjonane i ein granskingsrapport som blei lagt fram for styret i Helse Førde fredag.

– Dette utløyser ei tilltaksplikt for arbeidsgjevar. Så ber eg om respekt for at av omsyn til både varslarvernet og personvernet så kan ikkje eg som arbeidsgjevar kommentere ytterlegare, men det kjem til å bli tatt tak i, seier styreleiar Agnes Landstad til NRK.

– Du seier det utløyser tiltaksplikt, kva betyr det?

– Tiltaksplikt er at det er ting ein må ta tak. Vi meiner ikkje at dei tinga som er komne fram er uproblematiske, men vi meiner at det går an å jobbe med det. Men den saka ligg til administrerande direktør. Styret har no gjort sin jobb med å få fram tinga, og så ligg oppfølginga til administrerande direktør, seier Landstad.

Vidar Vie seier via sin advokat at han tek rapporten til etterretning. Han er glad for at rapporten frikjenner han frå påstandane om trakassering.

Vie har merka seg dei kritiske merknadane om leiarstil. Han vil ta dette på alvor, og gjere alt for å legge til rette for at Helse Førde skal vere ein god organisasjon for alle tilsette.

Fredag blei granskinga av føretaksleiinga lagt fram for styret i Helse Førde. Fagforbunda til nær alle dei kring 2.500 tilsette og ein tilsett har klaga på leiarstilen i føretaksleiinga.

Her kan du sjå heile framlegging av granskingsrapporten.

Åtte hovudpunkt

Styret i Helse Førde handsama i dag granskingsrapporten som tok føre seg to forhold mot leiinga i helseforetaket.

Det eine er saka der ein medarbeidar retta varslarsak mot viseadministrerande direktør Vidar Vie, og det andre er saka der 10 fagforbund retta full mistillit mot sitjande føretaksleiing.

Dette er ei oppsummering av åtte hovudpunkt som granskarane fann.

Om varslersaka mot Vidar Vie:

  1. Varslar har gått fram på ein forsvarleg måte ved sitt varsel om kritikkverdige forhold.
  2. Viseadministrerande direktør har ikkje utsett varslar for trakassering eller annan utilbørleg framferd målt mot arbeidsmijølova.
  3. Det er avdekka enkelte sider ved viseadministrerande direktør si leiaråtferd som kan vere til hinder for eit fullt ut forsvarleg arbeidsmiljø for varslar i samsvar med kravet i arbeidsmiljølova. Dette utløyser ei tilretteleggings/tiltaksplikt for arbeidsgjevar.
  4. Granskarane si vurdering av dei kritikkverdige forholda i varselet gir ikkje grunnlag for å konstatere at det i Helse Førde generelt er mangelfull forvaltningspraksis. Dei har funne avvik, men ikkje alvorlege avvik.

Om forbunda si mistillit mot sitjande føretaksleiing:

  1. Det er ikkje avdekka brot på tariffavtale eller arbeidsmiljølova med omsyn til krav til informasjon og drøfting med dei tillitsvalde.
  2. Styret har ikkje blitt feilinformert av administrerande direktør i samband med forslaget til mellombels prosjektorganisering.
  3. Føretaksleiinga presenterte mellombels prosjektorganisering som eit forslag og ikkje som ei endeleg vedteken omorganisering. Det vart og opna for at tillitsvalde, tilsette og styret kunne gi tilbakemeldingar på framlegget.
  4. Men framdriftsplan for framlegget til ny prosjektorganisering (iverksetting 1. januar 2017), samt føretaksleiinga sine sonderingssamtaler med kandidatar til leiarstillingar, bidrog til at fleire oppfatta forslaget som meir ferdig bestemt og at det reellt var lite rom for tilbakemeldingar. Sonderingssamtalane med kandidatar til leiarstillingar bidrog til at rykte og uro oppstod i organisasjonen.

– Vi har fått ein solid og grundig rapport. Eit godt kunnskapsgrunnlag på dei punkta som ein tok utgangspunkt i. Vi veit noko om forbetringspunkta i organisasjonen vår, og det skal vi ta tak i, seier styreleiar Landstad.

Landstad om granskinga

Sjå intervju med styreleiar Agnes Landstad, der ho kommenterer kritikken.

Tar rapporten til etterretning

Ti fagforbund i Helse Førde stod bak brevet til styret som utløyste granskinga. I brevet uttrykte dei mistillit til leiinga i helseføretaket.

– Vi tar rapporten til etterretning, og håpar vi kan arbeide vidare etter det som har kome fram. Det er det eg kan seie før vi har hatt møte med dei andre føretakstillitsvalde, seier Wenche Røkenes i sjukepleierforbundet.

Fredag blei granskinga av føretaksleiinga i Helse Førde lagt fram

Føretakstillitsvald i Sjukepleierforbundet, Wenche Røkenes, tar rapporten til etterretning.

Både Røkenes og styreleiar Agnes Landstad håpar at det som er kome fram i dag skal gi grunnlag for å skape ro i organisasjonen.