NRK Meny
Normal

Ny rapport: Fryktar at cruisekai kan rase ut

Grunnen under cruisekaia i Olden er så dårleg at deler av kaia truleg må sperrast av. Like før årets turistsesong startar, vurderer Nordfjord Hamn å setje opp sperreband tre meter frå kaikanten.

Yrande folkeliv i Olden då «Independence of the Seas» og «MS Queen Elizabeth» vitja cruisekaia

SVIKTANDE GRUNN: Ein rapport frå Norconsult slår fast at grunnforholda ved cruisehamna i Olden ikkje er så gode som ein skulle ønskje seg.

Foto: Birger Meland / NRK

Ein rapport frå Norconsult slår fast at grunnen under cruisekaia i Olden - der bussane i stiller seg opp, er utrygg, fortel styreleiar Elisabeth Eliott i Nordfjord Hamn.

4. mai kjem MS "Azura" som årets første cruiseskip til Olden. Den flytande byen på 290 meter har plass til 4300 passasjerar og mannskap.

Fjord, fjell og Briksdalsbreen lokkar. På veg frå båten til bussane som skal ta dei med på utflukt, vil turistane truleg bli møtt av sperreband.

– Det er ein ustabilitet i framre del av grunnen. I verste fall kan deler av grunnen skli ut. Vi er i dialog med Stryn kommune for å finne ei løysing på dette for kommande sesong. Eit alternativ er å setje opp sperreband i front, og at ein då har færre bussar oppstilt på området, seier styreleiar for Nordfjord Hamn, Elisabeth Elliott.

Bjørg Næss

OPTIMIST: Bjørg Næss fryktar parkeringskaos i sommar, men seier at dei vil gjere alt for å leggje til rette for dei mange cruiseturistane som kjem.

Foto: Silje Guddal / NRK

Fryktar parkeringskaos

Ifølgje Elliot rekk ein ikkje å sikre kaia før årets turistsesong, og at det vil bli alternative løysingar, i alle fall i starten av årets cruisesesong.

– Eg kan forsikre om at det skal vi få til på ein god måte, og at vi skal ha nødvendig personell der inne til å dirigere og ordne trafikken på ein god måte.

Dagleg leiar Bjørg Næss i Geiranger og Nordfjord Cruise Handling fryktar parkeringskaos for dei mange bussane som skal frakte cruisepassasjerane

– Det er heilt nytt for meg at det skal setjast opp sperreband. Det er eg ikkje informert om. Vi har ikkje meir plass til bussane enn vi treng, så det kan bli vanskeleg, seier Næss.

Ventar 90 skip til Olden

Ho peikar på at det er fleire viktige tiltak som uansett må gjerast i området ved kaia, og håpar inderleg at det blir gjort tiltak for å sikre bussparkeringa og for å sikre kaia.

Trass utfordringar med cruisekaia, så går det mot ein svært god turistsesong, også i Olden.

– Det blir eit veldig bra år. Vi hadde ein liten nedtur i 2015, men i år går det oppover igjen. Vi nærmar oss 90 skip. 2017 teiknar også til å bli veldig bra, seier Næss.

Vegopning på Bergum i Førde kommune