Hopp til innhold

Ny rapport: – Stort behov for meir pengar til rovdyrtiltak

Ein stor del av sauetapa til rovdyr skjer utanfor rovdyrsonene. No kan det vere på tide å vurdere ein eigen tiltakspott til desse områda, går det fram av ein fersk rapport.

Jerv

USYNLEG GRENSE: Jerven og dei andre rovdyra har fått bestemte område dei kan få vere i, men rovdyra er heilt ukjende med grensene. Det medfører også store sauetap utanfor rovviltsonene.

Foto: Steve Kroschel / Reuters

Det totale tapet av dyr på grunn av rovvilt har gått ned dei siste åra, men framleis skjer ein betydeleg del av sauetapa i område der det ikkje skal vere rovdyr.

Ein tredjedel av sauetapa til jerv, bjørn og gaupe skjer i nærområdet rundt forvaltningsområda. For ulv er talet tre av fire.

Søkte om 110 millionar

Tala går fram av Norsk Institutt for Bioøkonomi sin ferske rapport om rovviltbestanden si betydning for landbruk og matproduksjon, som er utført på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.

Rapporten peikar på eit stort behov for meir pengar til å førebyggje rovviltskadar. I 2014 vart det delt ut 30,6 millionar kroner, men det var søkt om totalt 110 millionar.

– Det er i alle fall eit uttrykk for eit opplevd behov for meir tiltak, seier fag- og forskingskoordinator, Geir Harald Strand.

Det kan også vere nødvendig å vurdere eigne midlar til nærområda utanfor rovviltsonene, ifølgje rapporten.

– Tiltak blir kanskje først og fremst retta inn mot forvaltningsområda, men når vi ser at ein stor del av tapa skjer i nærområdet, så vil det vere behov for tiltak der også. Det vil vere uheldig å kutte på tiltak i forvaltningsområda, så det tilseier eit behov for eit større budsjett om ein vil leggje vekt på førebyggande tiltak, seier Strand.

Tiltak kan vere alt frå tidlegare saueslepp og sanking, overvaking og effektiv skadefelling til fysisk avgrensing.

– Har fått lite av potten

Aleksander Øren Heen

VIL HA MEIR TILTAK: Leiar i rovviltnemnda i region vest og fylkespolitikar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Aleksander Øren Heen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Sogn og Fjordane er eitt område der det ikkje skal vere rovdyr, men der bøndene fleire gonger har fått kjenne på konsekvensane av at rovdyra ikkje kjenner grenser. Sommaren 2014 vart eit mareritt for sauebøndene, då over 1700 dyr forsvann.

Førebyggande tiltak er minst like viktig utanfor rovdyrområda, meiner leiaren i rovviltnemnda i region vest.

– Problemet er at vi har fått lite av den potten, fordi det blir sagt at det ikkje skal vere rovdyr i Sogn og Fjordane, og at vi då ikkje får så mykje midlar. Men det er nettopp her ein burde hatt midlar til å setje i verk tiltak når det kjem rovdyr inn, og det veit vi at det gjer, seier Aleksander Øren Heen (Sp).

Eitt av tiltaka som har vore mest brukt i Sogn og Fjordane er elektronisk overvaking av dyr på beite.

Slik kan ein følgje med på om dyra er i rørsle, og slik få ein indikasjon på om det er rovdyr i nærleiken. I tillegg er det brukt mykje på uttak av rovdyr i beitesesongen.