Hopp til innhold

Ny rapport styrker kraftlinje-nei

Ein ny rapport styrker grunnlaget for Fylkesmannen sitt avslag på Statnett sin søknad om å føre den nye 420 kV-lina gjennom Sørdalen naturreservat.

Fylkesmann Anne Karin Hamre

HELD FAST VED AVSLAG: Fylkesmann Anne Karin Hamre meiner avslaget deira er styrkt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Spørsmålet om kor den nye store kraftlinja mellom Fardal og Ørskog skal gå gjennom Bremanger har ført til oppheita debatt.

Dei faglege råda gjekk for at linja skulle gå gjennom Førdedalen, men før jul i 2011 vart det klart at olje- og energiminister Ola Borten Moe i staden la linja gjennom Myklebustdalen og Sørdalen naturreservat.

Ny rapport om furuskog

Ola Borten Moe

KRITIKK: Olje- og energiminister Ola Borten Moe har måtte tole krass kritikk etter at han gjekk imot faglege råd.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix
Bård Vegar Solhjel

PÅ BORDET: Bård Vegar Solhjell skal avgjere saka.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

For vel ein månad sidan sette derimot Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, foten ned og avslo Statnett sin søknad om å leggje linja gjennom naturreservatet.

Statnett har klaga på avslaget, men klagen inneheld slik fylkesmannen ser det ingen nye moment som tilseier at dei skal gjere om avslaget.

Derimot har Fylkesmannen blitt gjort merksam på ein heilt ny rapport, ein rapport som gjer at grunngjevinga for avslaget er styrkt, skriv Hamre i sitt nye avslag.

Rapporten er ein del av det nasjonale arbeidet med kystfuruskog, og viser at dalføret mellom Ålfoten og Svelgen har uvanleg mykje gamal furuskog.

Faktisk så mykje at dette kanskje er av dei største områda med gamal, oseanisk furu-naturskog i landet, og dermed også i verda.

Dette er kunnskap som ikkje var kjent då Olje- og energidepartementet gjorde vedtak, og heller ikkje då Fylkesmannen avslo søknaden i februar.

– Grunngjevinga for avslaget har såleis vorte styrkt, skriv Hamre i brevet som er sendt til Direktoratet for naturforvaltning.

På bordet til Solhjell

Det er no miljøvernminister Bård Vegar Solhjell som skal avgjere saka.

Ifølgje Bergens Tidende er det ministeren sjølv som har bestemt at anken i striden rundt trasevalet skal rett til hans departement. Det vanlege er at anken frå Statnett blir handsama av Direktorat for Naturforvaltning.

Saka har vore spesielt betent sidan Ola Borten Moe (Sp) flytta traseen vekk frå Førdedalen, ein dal der Bremanger sin eigen Sp-ordførar Karl Vidar Førde har eigarinteresser.