Ny rapport slaktar folkerøystingar

Ein tredel av folkerøystingane om kommunesamanslåingar, var udemokratiske. Det kjem fram i ein ny rapport frå Institutt for samfunnsforsking. I mange av tilfella var politikarane tilsynelatande berre ute etter å sikre støtte til sitt eige førehandsbestemte syn, og i fleire tilfelle har kommunane gitt innbyggjarane svaralternativ dei ikkje har kunne forstå, konkluderer forskarane.