Hopp til innhold

Ny rapport om Stad skipstunnel

Kvalitetssikring av utgreiingane i samband med Stad skipstunnel skal vere klar før sommaren.

Stad skipstunnel
Foto: Kystverket/Scanpix

Det seier fiskeri- og kystminister, Lisbeth Berg-Hansen.

– Eg ventar denne rapporten i nær framtid. Vi er i rute ut ifrå dei tidsperspektiva som regjeringa har sett opp og som er fastlagt i nasjonal transportplan, seier Berg-Hansen.

Den nye rapporten skal mellom anna sjå nærarenpå bruk av tunnelen i dårleg ver handsamast. Ei utgreiing frå 2011 konkluderte med at Stad skipstunnel ikkje bør byggjast.

Fiskeri- og kystministeren skal ta i mot rapporten og sjå på det detaljerte grunnlaget som då ligg føre. – Rapporten blir sjølvsagt offentleggjort. Først skal då regjeringa seie sitt, før den går vidare til Stortinget.

Kan vi vente rapporten på denne sida av sommarferien?

Ja, absolutt, seier Berg-Hansen.