NRK Meny
Normal

– Skal vi bli kvitt skrantesjuke, er det best å skyta ned heile stammen

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) går inn for å skyte fleire tusen villrein i Nordfjella og leggje området brakk i fem år for å hindre spreiing av skrantesjuke.

Villrein

VILLREIN: I Nordfjella fekk eit reinsdyr fekk påvist skrantesjuke i april i fjor og to til seinare på året.

Foto: Anders Mossing / Norsk villreinsenter

Det er hovudbodskapen i ei risikovurdering som Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har gjennomført på oppdrag frå Mattilsynet og Miljødirektoratet.

– Om myndigheitene vil utrydde sjukdommen har vi gyllen mogelegheit no, det ser ut til at sjukdommen er avgrensa til dei nordlege delane av Nordfjella, seier komitémedlem Bjørnar Ytrehus til NRK.

– Kva betyr det?

– Om målet er å utrydde sjukdommen er den beste løysinga å skyte ut heile stammen, seier han.

Andre tiltak som kan vere effektive, meiner komiteen, er å fjerne saltslikkesteinar i område der det er påvist skrantesjuke og å setje opp gjerde, gjete dyra, eller redusere bestanden i randsonene.

Anbefalingane vert støtta av Veterinærinstituttet.

– Det er eit alvorleg tiltak, men står i forhold til mogelege konsekvensar av denne sjukdommen. Effekten av eit slikt tiltak er usikkert, men kunnskapen vi har i dag pålegg oss å ta ein føre var-haldning, seier forskar og CWD-koordinator Jørn Våge ved Veterinærinstituttet.

Til heile landet

Skrantesjuke (Chronic Wasting Disease (CWD)) er ein dødeleg prionsjukdom som angrip nervesystemet og vart påvist hos eit reinsdyr og to elgar i Noreg våren 2016. CWD kan ramme og bli spreidd mellom fleire artar av hjortedyr. I Noreg betyr det rein, elg, hjort og rådyr.

– Om myndigheitene bestemmer seg for å ikkje gjere noko kan vi risikere at sjukdommen får utvikla seg og spreier seg til andre område. Då vil den bli mykje vanskelegare å utrydda den heilt, seier Ytrehus.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.