Hopp til innhold

Publikumsrekord og sydenstemning fire dagar til endes

– Eg tvilar på at vi noko sinne kan toppe dette, seier ein strålande nøgd Viggo Randal etter nok ein publikumsrekord for Utkant-festivalen.

For noko anna enn strålande nøgd kan ikkje ein festivalsjef vere etter ny publikumsrekord og sydenstemning fire dagar til endes.

I alt 14.300 publikumarar var innom i løpet av festivalen. Laurdag var best besøkt med 4.600 innom portane.

– Vi må jo berre vere godt nøgde med ein auke på 40 prosent frå i fjor. No har vi dobla festivalen på to år, gliser Viggo Randal.

Full båthamn

Viggo Randal

NØGD: Festivalsjef Viggo Randal konstaterer at Utkant nådde nye høgder i 2014.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Frå scena har musikken til artistar som Sivert Høyem, CC Cowboys, Ida Marie, Lars Vaular, Kari Bremnes og Backstreet Girls runga over konsertarenaen under kongestatuen.

I båthamna hadde dei fredag og laurdag knapt kunne tatt inn ein ny båt. På det meste låg det 350 båtar der.

– Det har kome folk frå heile fylket, men også frå nabofylket i sør. Det bur jo ikkje så mange folk i Gulen at vi klarer å få eit slikt besøkstal åleine, humrar Randal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utkant-festivalen sett frå lufta.

FRÅ LUFTA: Utkant-festivalen har samla mykje folk gjennom heile helga.

Foto: Pressefoto

Ei politimelding

Festivalsjefen har gjennom helga fått godt med klemmar og positive tilbakemeldingar frå feststemde publikumarar. Politiet har heller ikkje kunne sett fingeren på noko.

Politiloggen fortel om ei hending i Gulen festivalhelga: Tre svarte pennyar som natt til fredag spankulerte på vegen mellom Ytre Haugsdal og Nautesund Camping.

– Eg har i alle fall hatt det veldig fint her. Det trur eg alle andre også har hatt. Det har vore ei fantastisk helg, seier Randal.

God økonomi

Med solid auke frå i fjor, ser det bra ut også for økonomien til festivalen.

– Utan at eg har gjort matematikken i det, så går det vel økonomisk greitt med desse besøkstala. I budsjettet satsa vi på like mange besøkande som i fjor, seier Randal.

– Og det er ikkje grunn til å leggje inn årene no?

– Når det er slik som dette, så er det tvers igjennom gøy. Eg trur nok vi får sjå eit Ukant 15 også.

Er store nok

Festivalsjefen meiner Utkant no har funne den storleiken dei ynskjer.

– Og ikkje har vi plass til å utvide særskilt heller. No har vi hatt fulle hamner og full camping. Vi har hatt massiv transport inn og ut av området, og noko særskilt meir er det ikkje mogleg å presse inn i løpet av ei helg, seier han og avsluttar.

– Skal vi bli større no, så misser vi den intime og flotte kjensla ein har her ute. Vi meiner at vi har nådd ein passeleg storleik.

Var du på festivalen og legg ut bilete på Instagram, merk dei gjerne med #nrksf - så kan vi bruke bileta på sidene våre!

Laster innhold, vennligst vent..
Instagram Sogn og Fjordane