Hopp til innhold

Ny publikumsrekord for Malakoff

– Dette er den beste festivalen vi har arrangert. Vi har hatt nokre bra festivalar før og, men dette har heilt klart vore den beste Malakoff-festivalen i historia, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Malakoff 2017

REKORD: Arrangørane reknar med at nærare 30 000 har vore innom Malakoff-festivalen i helga.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Når NRK snakkar med festivalsjefen sundag ettermiddag står det framleis at litt finteljing før han kan seie heilt sikker kor mange besøkande som har vore innom i løpet av dei tre dagane festivalen varte.

– Vi manglar teljingane på ungane under 12 år som gjekk inn gratis, men det nærmar seg 30 000 innom portane, og det er heilt greitt på ein liten plass som Nordfjordeid, seier Naustdal.

Festivalstemning
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Går mot overskot

Festivalen hadde i år eit budsjett på 18 millionar kroner, og alt før oppteljinga er klar reknar Naustdal med at dei skal gå med overskot.

– Vi kjem nok til å ha pluss i boka i år, men samstundes så kostar det mykje pengar å arrangere ein slik festival. Vi prioriterer kvalitet og det må ein og betale for, så det er ikkje slik at vi vassar i pengar, seier Naustdal.

I år utvida dei også festivalen med ein dag, noko som ifølge festivalsjefen har vore ein suksess.

– Det er alltid spanande å prøve noko nytt. Vi såg at publikum roa seg sidan dei visste at dei hadde tre dagar å ha det kjekt på, så det er vi nøgde med.

Vilde og Anna

LOKALE ARTISTAR: Vilde og Anna spelte på heimebane under Malakoff-festivalen i helga.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vilde og Anna

Noko av det som har kjenneteikna Malakoff-festivalen heilt sidan starten er blandinga av store internasjonale namn, og meir ukjente namn, som er i startgropa til ein artistkarriere.

Så også denne gongen, laurdag klokka 14 gjekk to unge lokale stjerner på scena. Vilde Hjelle og Anna Naustdal tok landet med storm då dei i fjor vann MGPjr med songen Vestlandet.

– Då måtte eg ein augneblink ta av meg festivalsjefhatten og berre vere pappa, seier Naustdal.

Arnt-Ivar Naustdal

NØGD: Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal er strålande nøgd med årets festival.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

For Malakoff-generalen er også far til Anna Naustdal, den eine halvparten av duoen Vilde og Anna.

– Det var eit historisk augneblink for meg. Det var fantastisk. Vilde og Anna gjorde ein flott innsats saman med dei andre ungdommane i Indigo Child. Og det er fantastisk å kunne sette lokale artistar på scena og så er det over 10 000 personar som møter opp for å sjå på den første konserten den dagen, seier Naustdal.

Endå betre til neste år

No skal arrangørane evaluere årets festival, men målet er ein endå betre festival til neste år seier Naustdal.

– Vi vil jobbe for å utvikle festivalen vidare, og gjere Malakoff 2018 til ein endå betre festival enn den vi hadde i år.

– Frå den spede starten i 2013 har de no vakse til å bli ein av dei største rockfestivalane i landet. Klarar de å ta vare på sjela til festivalen når det blir så store?

– Det er eg overtydd om at vi gjer, og det trur eg også er grunnen til at vi har blitt så store.