Hopp til innhold

Sette ny personleg rekord på 100 meter - men meiner han har mykje meir inne

Øyvind Strømmen Kjerpeset syner at forma er betre enn nokon gong. Laurdag sette han ny personleg rekord på 100 meter innandørs i Florø Indoor, med tida 10,65.

Created by InfoDispatcher

KUNNE GITT MEIR: Øyvind Strømmen Kjerpeset var godt nøgd med løpet, men hadde meir inne. Foto/redigering: Truls Kleiven

– Det er greitt. Eg er veldig nøgd, men eg kjenner eg har mykje meir i kroppen. Dette var ikkje optimalt. Det tyder på at eg absolutt kan nå målet mitt på 10,3 utandørs, seier Kjerpeset.

Florøværingen har fått trent godt, og føler at kroppen fungerer, sjølv om ikkje alt var optimalt i dag.

– Det ser veldig realistisk ut. Eg har ein liten kjenning i hamstringen (muskel på baksida av låret) som gjorde at eg ikkje kunne sleppe meg heilt laus. Dette var veldig, veldig godkjent, seier Kjerpeset.

Slepper seg meir laus ute

Kjerpeset sprang inn på tredjeplass. Jaysuma Saidy Ndure vann 100 meteren, og sette ny norsk innandørs rekord på 10,19. I fjor sprang han på 10,30 då han var i Florø.

Polske Dariusz Kuc sprang inn på 10,32, og britiske Leon Reid sprang inn på 10,56.

– Det var eit bra løp, men det vart litt flatt. Utandørs slepper eg meg meir laus. Eg vart litt knytt fordi folk spring frå meg, Jays sprang heilt enormt, og då vert det vanskeleg å slappe av, seier Kjerpeset.

At han kjende litt grums i eine lårmuskelen, gjorde også til at han ikkje klarte å gi 100 prosent.

– Eg har ei lita kjensle av at hamstringen er 99 prosent. Det er ikkje mykje det er snakk om, men eg kjenner det berre forsvinn. Men det var veldig flott, seier Kjerpeset.

Trur det lovar bra for sommaren

Jaysuma Saidy Ndure sette ny norsk innandørs rekord på 100 meter med 10,19, og er svært nøgd.

– Eg er spent på det som kjem til sommaren. I fjor sprang eg på 10,30 her innandørs, og ute sprang eg på 10,06, så dette viser at eg er i betre form og har trent betre. Eg er veldig nøgd, seier Jaysuma Saidy Ndure etter løpet.

Han meiner ting fungerer slik som det skal, og at han og trenarane har gjort ein god jobb. Men det er meir som kan gjerast.

– Starten har vi ikkje fokusert så mykje på, men avslutninga mi er heilt vanvettig. Eg har vorte mykje, mykje sterkare og betre. No skal vi jobbe meir med starten, og så sit det heilt, seier Ndure.

Har stor tru på Kjerpeset

Den norske toppsprintaren har stor tru på kva Kjerpeset kan prestere.

– Han er ein svært dyktig utøvar. Det er slike vi har mangla i Norge i mange år, seier Ndure.

Han har sjølv sagt til Kjerpeset at han meiner han er god for endå betre tider i tida som kjem.

– Det klarar han. Han er ein svært bra og dyktig utøvar, seier Ndure.