Hopp til innhold

Ny ordning for skuletrøytte

Frå hausten av kan skuletrøytte elevar byrje rett i praksis hos verksemder. Håpet er at færre skal droppe ut av vidaregåande skule.

Bilmekanikerlærling

Praksisbrevet vil la skuletrøytt ungdom få prøve seg tidlegare i arbeidslivet. Illustrasjonsfoto

Foto: Frank May / NTB scanpix

Etter fleire år som prøveordning, vil regjeringa utvide ordninga med praksisbrev til å gjelde heile landet til hausten. Føremålet med ordninga er å gi yrkeskompetanse til skuletrøytt ungdom som elles ville ha falle utanfor.

I tillegg til ein sluttkompetanse, gir praksisbrevet også rett til å ta fullt fag- eller svennebrev for dei som ynskjer det.

Bra for dei som slit med ordinær skulegang

Dagleg leiar i Opplæringskontor for industri- og teknologifag, Jorunn Kirketeig, seier at det allereie er fleire ordningar på plass for å fange opp skuletrøytt ungdom i fylket.

Jorunn Kirketeig

Jorunn Kirketeig trur ordninga kan bli bra for dei som slit mest med vanleg skulegang.

Foto: Anders Veberg / NRK

– Det viktige med slike ordningar er at dei er fleksible slik at vi kan finne gode løysingar for den einskilde eleven.

Kirketeig håpar og trur at dette kan bli ei god ordning for dei som treng den, men åtvarar mot at fleire spesialordningar kan gjere det vanskelegare å plassere dei ordinære lærlingane sidan dette i seg sjølv ikkje vil generere fleire lærlingeplasar.

– Jo fleire ordningar som kjem, dess vanskelegare kan det bli å plassere alle lærlingane.

Ikkje ein konkurrent for ordinære lærlingar

Avdelingsleiar for betongavdelinga i entreprenørverksemda Åsen & Øvrelid, Halvar Sunde, ynskjer ordninga velkommen.

– Vi ser mykje ungdom som vil jobbe, men som ikkje gjer det så godt i ordinær skulegang. Det er betre at dei får prøve seg i arbeidslivet enn at dei droppar ut av vidaregåande.

Sunde er trur ikkje denne ordninga vil truge tilbodet til ordinære lærlingar.

– Dei som kjem til oss med eit fagleg grunnlag frå den vidaregåande opplæringa vil nok alltid ha eit fortrinn, men det er fint om dei som elles ville ha droppa ut også kan få ein sjanse.