Viljen til å få borgarleg ordførar etter 14 år med Ernst Veum og Arbeidarpartiet var så stor at eventuell ulyst mot å ta Framstegspartiet inn i varmen vart lagd til side. Det resulterte i at Erling Vigdal frå Frp får plass i formannskapet. Ordføraren frå Kristeleg Folkeparti kan leve med det.
Borgarleg politikk
Torodd Urnes er 50 år gamal, fødd og oppvaksen på Indre Hafslo. Han har vore veterinær i Luster i 25 år, i tillegg til at han har drive farsgarden. Han har site i kommunestyret i åtte år, og lovar at folk i Luster skal merke at tida med Arbeidarpartistyre er over. Dei vil prøve å leggje vekt på ein borgarleg politikk.
Vraka som ordførarkandidat
At Arbeidarpartiet tapte fleirtalet i Luster, meiner mange kjem av at Ernst Veum, ordførar i 14 år, vart vraka som ordførarkandidat til fordel for Inger Marie Evjestad. Akkurat det har ikkje den nye ordføraren spekulert så mykje over. - Vi har berre grepe den sjansen som veljarane gav oss, seier han.