Hopp til innhold

Difor kan dei endeleg sleppe jubelen laus

Historisk siger i verdsserien. Seriemeistrar i utlandet. Suksess i Champions League: Noreg hevdar seg endeleg i internasjonal volleyball igjen.

Montasje: Anders Mol, Christian Sørum, Bjarne Nikolai Huus og Andreas Takvam

MANGE OPPTURAR: Anders Mol og Christian Sørum (t.v.) vann nyleg femstjernersturneringa i verdsserien i Gstaad. Bjarne Nikolai Huus vart amerikansk seriemeister. Andreas Takvam vann serie- og cup i Tyskland, og han gjekk heilt til playoff i Champions League.

Foto: Volleyballforbundet, Michael Gomez, Rune Fossum Lillesvangstu

– Det er vanskeleg å beskrive kor stort det var. Long Beach hadde ikkje vunne sidan 1991, og alle prata om det heile tida. Og vi jobba knallhardt mot det i fire år. Det var så fantastisk og emosjonelt å vinne finalen, seier Bjarne Nikolai Huus.

23-åringen frå Førde er ein av mange offensive norske spelarar som no bankar på døra til verdstoppen i volleyball. Nyleg vann han den amerikanske seriemeisterskapen som første nordmann på 30 år.

I helga vann Anders Mol (21) og Christian Sørum (23) Gstaad-turneringa i verdsserien i sandvolleyball. Det var den første norske sigeren på 20 år.

– Vi kan eigentleg ikkje tru det. Det er så herleg å plassere Noreg på kartet igjen, sa Mol.

Anders Mol og Christian Sørum

OL-HÅP: Anders Mol og Christian Sørum siglar opp som eitt av dei fremste norske OL-håpa under OL i Tokyo om to år.

Foto: Jon Grydeland

Kvalheim: – Mykje spennande som skjer

Etter mange år med mange tilbakeslag – og berre sporadisk framgang, er tonen no ein heilt annan i norsk volleyball. Optimismen er til å ta og føle på. Det kjenner også Jan Kvalheim som vann både verdsserien i sandvolleyball og EM på 1990-talet.

– Vi har ikkje hatt så mange gode spelarar på 20 år. Landslaget er bra, vi har veldig gode proffar i Europa og i USA, og prestasjonen til Mol og Sørum i sandvolleyball er heilt fantastisk. Så det er utruleg mykje spennande som skjer, seier Kvalheim.

Her er noko av det volleyballfolket no gler seg over:

Andreas Takvam på trening med landslaget

PROFF: Andreas Takvam.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK
Jonas Kvalen i landskamp for Norge mot England

PROFF: Jonas Kvalen.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK
  • Anders Mol og Christian Sørum skreiv historie då dei vann første turneringa i World Tour for Noreg på 20 år.
  • Andreas Takvam vann cup og serie med tyske Friedrichshafen. Kom heilt til playoff til finalerunden i Champions League.
  • Proffane Jonas Kvalen og Bjarne Nikolai Huus vart seriemeistrar i høvesvis Sveits og USA.
  • Viking skal som første norske herrelag spele kvalifisering til Champions League kommande haust.
  • Mange utanlandsproffar gjer landslaget betre enn på lenge framfor EM-kvalifisering i haust.
  • Berre 17 år gammal har Emilie Olimstad saman med Oda Ulveseth kvalifisert seg til ei femstjernersturnering i verdsserien.

– Det er utruleg kjekt å vere ein del av dette. Eg ser at mange av dei eg gjekk på skule i lag med på ToppVolley Norge gjer det godt. Det er kjekt å sjå kulturen er som er bygd opp no, seier Bjarne Nikolai Huus.

Bjarne Nikolai Huus trenar styrke

LADAR OPP: Bjarne Nikolai Huus på styrketrening heime i Førde, der han ladar opp til samling og EM-kvalik med det norske landslaget.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Horrem: – Det er ein lagsiger

Iver Horrem i Norges Volleyballforbund meiner det har vore jobba godt i norsk volleyball gjennom mange år. Han trekkjer fram innsats frå foreldre, klubbar og eldsjeler – i tillegg til skulesatsinga ToppVolley Norge på Sand i Rogaland. Han kallar det ein lagsiger.

– Det ser veldig bra ut no. Vi har utøvarar som kan spele på toppnivå i 10–15 år. No er vi opptekne av å ta vare på dette så bra som mogleg, seier den tidlegare toppspelaren.

Jan Kvalheim

SPENNANDE: Jan Kvalheim har sjølv vore i verdstoppen både innan- og utandørs i volleyball. Han meiner det er mykje spennande på gang.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

– Det lovar utruleg godt. Mol og Sørum er blant dei største medaljehåpa våre i Tokyo-OL om to år, og dei kjem til å vinne fleire turneringar. Så håpar eg at dei dreg med seg fleire, og at norske lag og spelarar ser at det er mogleg å bli gode i ein så stor global idrett, seier Jan Kvalheim.

Vil satse i proffklubb i Europa

Bjarne Nikolai Huus kom i sommar frå suksess i USA til spel i verdsserien i sandvolleyball. Saman med Anders Mol tok han ein tredjeplass i turneringa i Baden. Og han kviler ikkje på laurbæra: No ladar han opp til samling med landslaget som skal spele EM-kvalifisering denne hausten. Samstundes er han på jakt etter ein proffklubb å spele for i Europa.

Han har vore i dialog med klubbar i Nederland, Finland og på Kypros, men vil vente til det rette tilbodet kjem frå høgast mogleg nivå. Han er motivert for vidare satsing.

– Det er dette eg vil drive med, og det er det eg lever for no. Eg har lyst til å spele meir framfor nesten 10.000 tilskodarar på tribunane, seier volleyballspelaren.

Bjarne Nikolai Huus

HØGDEPUNKT: Seriefinalen mellom UCLA og Long Beach vart dramatisk og spennande, men til slutt kunne Bjarne Nikolai Huus og lagkameratane juble for ein historisk siger.

Foto: Michael Gomez