Var lei av mangel på stikkontaktar - fant opp ny forgreinar

Eit nytt produkt frå ein gründer i Førde kan redusere brannfare og rydde opp i leidningsrotet i mange heimar.

Smart Connect og Frode Steen

RETT PÅ VEGGEN: Produktet montørar ein sjølv rett i stikkontakt, og gir seks 220 V kontaktar og to USB-uttak.

Foto: Montasje / NRK/Pressemelding

– Eg var lei av mangel på stikkontaktar og leidningsrot på golvet, seier gründer Frode Steen.

Løysinga hans «Smart Connect» er ein forgreinar med seks straumuttak som ein monterer rett i stikkontakten.

– Det kan ein gjera på eigehand, og det er gjort på tre minutt, seier Steen.

I tillegg til seks nye 220 V-uttak, gjev forgreinaren to USB-ladekontaktar.

– Då kan ein lada alt frå mobilkamera til kamera og andre tekniske duppedittar.

Steen seier det finst mange forgreinar på marknaden i dag men dei blir liggande i ein krok å samle støv.

– Med dette produktet får ein forureinaren opp på veggen og det vert ryddigare bak for eksempel fjernsynet, meiner Førde-gründeren.

Trur den vil selje godt

Steen trur produktet kan bli ein bestseljar.

– Med tanke på tilbakemeldingane vi har fått frå privatpersonar trur eg vi har ei ganske lovande framtid føre oss.

Den første forhandlaren dei har signert med er Coop Vest.

– Vi jobbar med å få til eit distribusjonsnett no, og håpar å få produktet ut i elbransjen og byggebransjen. I løpet av første halvår er vi vonleg klar til sal, seier Steen.

Han seier produktet vil kosta rundt 400–500 kroner, men at det ikkje er heilt klart enno.

– Genialt

Oppfinninga kan redusera brannfaren i huset, då brytaren på kontakten bryt begge straumkretsane, i staden for berre ein krets.

Fagdirektør Brann Odd A. Rød i Gjensidige Forsikring seier i ei pressemelding at produktet er eit av dei beste han har fått innsendt til vurdering

– Ideen og produktet er enkelt og genialt i forhold til montering og bruk, seier Rød og lovar at produktet vil bli tatt inn der for sal.