Hopp til innhold

Ny oljegigant landa på Florø

Oljeselskapet BG Norge skal dei neste ti åra drive full forsyning til Knarr-feltet frå Florø. Det betyr 15–20 nye arbeidsplassar ved Fjord Base.

Kontrakt mellom BG Norge og GDF Suez

KONTRAKT: Denne kontrakten skaper stor glede i oljebyen Florø.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Høgre-ordførar Bengt Solheim Olsen stråla om kapp med sola då oljegiganten signerte avtalen med GDF Suez om bruk av både supplybåt og standby-båtar.

Allereie måndag vil BG Norge ha etablert eige kontor på Fjord Base og om to vekers tid vil boreriggen vere på plass for å starte eit toårig boreprogram.

– Dette gir veldig positive signal for konkurransekrafta til Florø-miljøet. Så det er på alle måtar ein veldig positiv ting, sa Solheim-Olsen.

Nærleik avgjerande

Kring 50 kilometer nordaust for Snorre, og kring 120 kilometer vest av Florø, ligg Knarr-feltet på 410 meters djupne. Feltet vart oppdaga i 2008 og regjeringa tilrådde i april 2011 utbygging .

(Artikkelen held fram under TV-SAKA)

Oljebasen i Florø sikra seg i dag 10 nye år med forsyningsleveransar. Olje- og gass-selskapet BG har bestemt seg for å bruke Florø som forsyningsbase til Knarrfeltet i Nordsjøen.

SJÅ TV-SAK: BG Group satsar i Florø.

Dei utvinnbare ressursane er rekna til mellom åtte og 25 millionar standard oljeekvivalentar. Driftsfasen var då anslått å vare i mellom seks og 20 år.

Operation manager Jan Erik Sandven seier nærleik til feltet vart avgjerande då valet fall på Florø som forsyningsstad.

– Det er eit bra val for Knarr-utbygginga. Hovudsakleg på grunn av nærleiken til feltet og baseverksemda som Florø har, seier han.

15–20 arbeidsplassar

Oljeselskapet BG etablerte seg i Norge i 2003, og har no 12 lisensar. Gjennom etableringa i Florø har oljegiganten sikra arbeidsplassar i ti år fram i tid. Ordførar Solheim-Olsen seier denne er viktig for Florø.

Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H).

NØGD: Høgre-ordførar Bengt Solheim-Olsen (t.h.) i Flora.

Foto: Sondre Dalaker

Ikkje berre betyr det 15–20 nye arbeidsplassar og auka aktivitet på oljebasen. Etableringa får også store ringverknader.

– Forsyningsaktiviteten på Fjord Base gir mange lokale verksemder mogelegheit til å komme inn på den marknaden, så slik sett gir det ringverknader langt ut forbi basegjerda, seier han.

– Veldig viktig

Etableringa er spesielt oppløftande i ei tid der Statoil har starta arbeidet med å bli meir effektive .

I verste fall kan halve oljebasen i Florø ryke.

– Som alle veit er vi inne i ein prosess, og god dialog, med Statoil om framtidig aktivitet i Florø. Forsyningsaktiviteten er veldig viktig, ikkje berre for Fjord Base, men for heile byen, seier Solheim-Olsen som kjenner seg trygg på at «dei konstruktive dialogane» med Statoil vil føre fram til ei god løysing for alle partar.

(Artikkelen held fram under biletet)

GDF Suez og BG utvidar samarbeidet i Florø.

UTVIDAR: GDF Suez og BG Norge utvidar samarbeidet om transport frå Florø. – Dette sikrar arbeidsplassar meir enn noko anna, seier Jan Eriks Sandven i BG (nr. to frå høgre).

Glad flyplassjef

Flora-ordføraren peikar også på ti prosent auke i offshoretrafikken frå Florø lufthamn. Oljeaktiviteten i kystbyen er svært viktig for flyplassen og flyplassjef Siv Merete Stadheim seier dagens tilbod ikkje kunne vore så bra utan oljebasen.

Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim

NØGD: Siv Merete Stadheim.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Kring 5.000 fleire offshorepassasjerar årleg som følgje av BG-etableringa, kan gje grunnlag for både betre rutetilbod og auka frekvens på flygingane.

– Mange av desse kjem inn og ut med fly, og det gir oss eit endå betre grunnlag for flytrafikken. Eit betre grunnlag gir alltid mogelegheiter til å utvikle konseptet kring flyplassen, seier Stadheim.

Samarbeider om båt

I BG Norge seier Sandveen at det også var viktig for dei å få på plass avtale med GDF Suez om bruk av båtar. Frå før samarbeider dei om helikoptertrafikken .

No skal dei dele og låne supplybåt, medan standby-båtane skal avlastast på feltet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utsikt frå brua

SAMARBEID: Tilsette hos både GDF Suez og BG Norge vil bli å finne på denne båten i framtida.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– I staden for fleire båtar som nesten ikkje er i bruk, så er det betre å ha ein som er i full bruk og blir sett pris på. Ein slik båt er veldig kostbar og vårt behov er ein til to gonger i veka. Har vi ein slik båt sjølv, så blir liggande resten av veka, seier Sandveen.

– Framleis ledige ressursar

– GDF sine behov er tilsvarande, og då blir det like dyrt for begge to om vi skal ha ein kvar. No har vi altså tatt ein båt, og delt den. Framleis er det ledige ressursar for andre, legg han til.

Etter at kontoret er etablert over helga og boreprogrammet kome godt i gang, vil driftseininga i selskapet finne turen til Florø i mai/juni neste år.

I løpet av tredje kvartal håpar Sandveen at dei har kome i gang med oljeproduksjonen på Knarr-feltet.