Hopp til innhold

Her kan du suse i 60 km/t i ein stålstreng ned fjellsida

Noregs lengste zip-line skal lokke adrenalinturistar til Fjærland. Sambuarparet som står bak, satsar alt for å realisere draumen.

Fjærland har fått ein ny attraksjon. Midt opp i fjellsida under Supphellebreen er det spent opp ein 500 meter lang løypestreng, som er Norges lengste i sitt slag. Med ein toppfart på opp mot 60 kilometer i timen, er håpet at Fjærland no også skal kunne tiltrekke seg adrenalinsøkande turistar.

FULL FART: Fjærland, kanskje mest kjent for bremuseet og bokbyen, har no fått ein heilt ny attraksjon. Foto: Halvor Farsund Storvik, NRK

– Det er veldig spesielt å sveve så høgt over bakken og i så stor fart ned mot eit steinras, seier Anne Reidun Sørensen.

Det var ho som fekk ideen til det som no er den nye attraksjonen i Fjærland. Midt opp i fjellsida under Supphellebreen er det spent opp to såkalla zip-line. Det er ein kabel som er festa i to endepunkt, slik at du kan bruke ein sele for å gli frå den høgste enden til den nedste.

Den eine er med sine fem hundre meter Noregs lengste og den når ein toppfart opp mot 60 kilometer i timen. Den andre nesten like lang, men ikkje fullt så bratt og skal dermed passe for alle.

Parken opnar på måndag, men vi fekk vere med på ein testtur. I videoen over kan du få du eit lite inntrykk av adrenalinrushet det gjev å suse av garde vel femti meter over bakken.

(Artikkelen held fram under biletet)

spektakulær attraksjon i Fjærland

LUFTIG: André Øygard susar gjennom Supphelledalen. På det høgaste er det over femti meter ned til bakken.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Sa opp jobben – satsar alt

André Øygard og Anne Reidun Sørensen er sambuarar og bur på garden Øygard i Supphelledalen i Fjærland. Han slutta som mjølkebonde i fjor, medan ho hadde siste arbeidsdag i skatteetaten på måndag.

No satsar dei alt på å lokke fartsglade turistar til aktivitetsparken dei er i ferd med å bygge opp. Eit vill idé dei fekk for ni månader sidan har no blitt realisert i rekordfart.

– Det er no litt slik vi er, at når vi får ein idé i hovudet så vil vi ha den gjennomført så fort som mogleg, seier Anne Reidun Sørensen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Satsar alt på adrenalinturisme

SATSAR: André Øygard og Anne Reidun Sørensen har sagt opp jobbane og satsar no alt på aktivitetsparken dei byggjer i Fjærland.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Drøymer om å innreie gamalt tømmerhus

I tillegg til dei to løypestrengene, har dei fått på plass eit uteområde med badestamp, ein kulp, villmarksdusj og ei lita grillhytte. Her skal grupper kunne kose seg rett opp under fjellsida ved Supphellebreen.

– Planen er å utvide tilbodet etter kvart. Noko av det vi drøymer om er å ruste opp dei gamle husa på gardstunet, mellom anna eit tømmerhus frå 1800-talet, fortel sambuarparet.

Koseleg uteområde

IDYLLISK: I tillegg til dei to fartsfulle attraksjonane har dei ordna til eit uteområde, med badestamp, ein kulp og ei grillhytte.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK