NRK Meny
Normal

Ny NRK-måling sender Venstre under sperregrensa og Rotevatn ut av Stortinget

Etter framgang på målingane dei siste vekene stupte Venstre med 0,7 prosentpoeng på den ferskaste målinga. Med det er dei under sperregrensa.

Sveinung Rotevatn

FIRE NYE ÅR: Sveinung Rotevatn (Venstre) ønsker seg fire nye år på Stortinget, men målingane er dystre, knappe to veker før valet.

Foto: NRK

Val

– Venstre har løfta seg frå i sommar og no er vi like under sperregrensa, men den målinga her er ikkje god nok. Vi må løfta oss litt til for å komme over fire prosent, seier Sveinung Rotevatn, som er Stortingsrepresentant for Venstre frå Sogn og Fjordane.

For med dagens måling er Venstre under sperregrensa på fire prosent, med ei oppslutning på 3,3 prosent.

Ut av Stortinget

Rotevatn har sette på Stortinget dei fire siste åra på utjamningsmandat, men om valresultatet endar på 3,3 prosent ryk den.

– Det er klart at om vi er under fire prosent nasjonalt så skal det mykje til for at eg får halda plassen på Stortinget. For alle som ønsker at eg skal sitta på Stortinget for Sogn og Fjordane så er det berre ein ting dei kan gjera og det er å stemma på oss, seier han.

Pollofpolls.no viser at Venstre har tatt seg saman frå 3,2 prosent i mai og framover, men med dagens måling er dei nesten tilbake på mai-tala.

Laster innhold, vennligst vent..

Tala frå tidlegare i sommar var så dårlege for Venstre at partileiar Trine Skei Grande avlyste ferien for å tjuvstarta valkampen, blant anna i Sogn og Fjordane.

– No har målingane gått litt opp og ned og dei siste vekene har vi hatt ein stigande tendens. Denne er litt ned, men snittet har lagt seg opp mot 3,7 prosent og eg trur vi skal komme oss over fire på tampen, seier Rotevatn.

Og legg til.

– Vi er avhengig av at alle på borgarleg side gjer eit godt val og Erna Solberg (H) skal halde fram som statsminister. Ho gjer det bra på statsministermålingar og har stor tillit. Eg vil også ha ho vidare, men det er vanskeleg å sjå for seg at det kan skje utan Venstre. Då kan det fort gå mot raudgrønt fleirtal, seier Rotevatn.