Hopp til innhold

Ny norsk app eksploderer i Litauen

Litauarar kastar seg no over den nye chatte-tenesta, DeeMe. Den skal gjera det enkelt å senda høgst dekorative meldingar.

DeeMe

NØGDE MED SUKSESS I LITAUEN: F.v. Kenneth Greve og Morten Strid har laga ein app som skal representera ein ny måte å snakka på.

Foto: Ola Raanes

– På tysdag fekk me ein artikkel på ei ungdomsnettside i Litauen. Då gjekk statistikkane i taket, seier årdølen Morten Strid. Saman med Kenneth Greve og Frode Alver Nilsen står han bak suksess-appen DeeMe.

Etter at artikkelen hadde blitt publisert, gjekk DeeMe nemleg viralt i Litauen. Folk delte og inviterte kvarandre til å bruka appen. Veksten er no på 3 000 nye brukarar kvar dag og stigande.

Det er ein ny måte å snakka på

Morten Strid

– Det var veldig morosamt å følga med på. Først og fremst vart me veldig glade. Det er ei stadfesting på at appen faktisk fungerer og også kan fungera i andre land, fortel Strid.

Panele.lt

NETTSIDA SOM STARTA EKSPLOSJONEN (skjermdump): Det var denne artikkelen på den litauiske nettsida 'panele.lt' som var startskotet for DeeMe sin store popularitet i Litauen.

DeeMe brukar litauiske programmerar, og det var vinklinga på artikkelen som vart publisert på den litauiske nettsida.

– Me har kome forbi det punktet at det er dei litauiske programmerarane våre som er grunnen til at folk lastar ned denne appen. No går det rett og slett på at dei eksisterande brukarane deler appen med nye brukarar, forklarer Strid.

Har Innovasjon Norge med på laget

Nina Broch Mathisen er direktør ved Innovasjon Norge sitt kontor i Hordaland. Ho synast det er kjekt at DeeMe gjer det bra i Litauen.

– Når DeeMe har fått så god respons så tidleg, så er det fantastisk gøy. Me har støtta dei i trua på at dei skal lykkast, seier ho.

– Målet vårt er å støtta gründarar som satsar internasjonalt. Skal næringslivet i Noreg veksa og bli større, så er den norske marknaden for liten.

DeeMe

POPULÆRT BLANT LITAUARAR (skjermdump): Frå tysdag vart DeeMe veldig populær i Litauen.

I løpet av det siste året har DeeMe-prosjektet fått i underkant av ein million kroner i støtte frå Innovasjon Norge, ifølge Morten Strid.

– Utan støtte frå Innovasjon Norge, hadde det blitt mykje meir utfordrande, seier han.

Nyskapande app

– What's App, Facebook Messenger og MMS føler eg at er ein litt gammaldags måte å gjera det på. Ein sender eit bilete som eit vedlegg, og så har ein teksten ved sida av, seier Strid.

What's App, Facebook Messenger og MMS føler eg at er ein litt gammaldags måte å gjera det på

Morten Strid

Han hevdar at DeeMe er ein ny måte å snakka på.

– Det er visuelt fine meldingar der det er ein kombinasjon av tekst, bilete, video og ikon. Me får eit heilt eige formspråk i forhold til konkurrentane våre.

DeeMe

VAKRE MELDINGAR (skjermdump): Ifølge dei som står bak DeeMe, skal appen gjera det enkelt å senda visuelt fine meldingar til kvarandre.