Hopp til innhold

Ny nattefangst for Up

Fire bilistar fekk i natt med seg forenkla førelegg på vegen vidare gjennom Eid.

For i 60-sona på riksveg 15 ved Langeland lurte Utrykningspolitiet. Alle av dei 36 kontrollerte bilførarane var rusfrie, medan fire av dei derimot hadde for høg fart.

Høgste målte fart var 75 km/t. Noko som svarar til eit forenkla førelegg på 2.900 kroner.

Torsdagskvelden og natta bydde også på fleire ublide møte mellom hjort og bilar. Både i Lærdal og Florø måtte hjort bøte med livet, medan viltnemnda i både Eid og Stryn måtte ta seg av skadde dyr etter påkøyrslar.